• Skriv ut
  • Fritaka

Du kan i utgangspunktet ikkje bruke utanlandsregistrert køyretøy i Noreg, dersom du har fast opphaldsstad her.

Det er likevel enkelte unnatak frå dette. Dei fleste tilfella krev at du må søkje Skatteetaten om køyreløyve på førehand.

I desse tilfella treng du ikkje å søkje på førehand:

  • du har med deg ein person i bilen som har gyldig førarkort og som har rett til å bruke utanlandsregistrert bil i Noreg
  • du er tilsett i ei norsk verksemd og som ledd i verksemda til firmaet skal hente, levere eller parkere ein utanlandsregistrert bil (til dømes hotellparkering eller lasting/lossing av skip)
  • du skal bruke ein norskregistrert bil til å trekkje ein utanlandsregistrert tilhengjar, og dette blir gjort ved ervervsmessig transport av varer frå eit anna land til stader i Noreg eller omvendt
  • bilen skal nyttast i samband med organisert bistandsarbeid ved større ulukker og naturkatastrofar

I desse tilfella må du melde frå eller søkje på førehand:

  • Dersom du leiger eller låner bil, må du melde bruken til Skatteetaten elektronisk før bilen blir før inn til Noreg. Dette krev at du har elektronisk ID (ID-porten).
  • For alle andre tilfelle må du søkje om køyreløyve før bilen blir ført inn til Noreg. Du må rekne med minimum 14 dagar handsamingstid.

Kva gjeld deg?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.