• Skriv ut
  • 1 Annan type bruk

Annan type bruk

Personar med fast opphaldsstad i Noreg kan få løyve til å føre inn og mellombels bruke utanlandsregistrert køyretøy.

  • i transitt o.a. direkte frå innførselsstaden til utførselsstaden
  • som skal nyttast i samband med beredskapsøvingar
  • for kortvarig bruk i enkeltståande tilfelle

Døme på kortvarig bruk

Her er nokre døme på når ein kan gi køyreløyve: 

Til sjåfør tilsett i utanlandsk transportfirma når vedkomande sjølv ikkje driv slik verksemd i Noreg. Arbeidsgivaren må sende inn ein søknad med personopplysningar om den tilsette, og løyve kan givast for inntil 1 år. Eit eventuelt transportløyve må firmaet innhente frå kompetent myndigheit i heimlandet. Vi presiserer at eit transportløyve ikkje er det same som eit køyreløyve ved at det førstnemnde gjeld sjølve transporten, medan køyreløyvet gjeld den avgiftsfrie bruken av motorvogna i Noreg.

Til avløysar på turistbuss og vogntog, under føresetnad av at den utanlandske sjåføren skal overhalde køyre- og kviletidsføresegnene. Eit eventuelt transportløyve må firmaet innhente frå kompetent myndigheit i heimlandet.

I samband med idrettsarrangement og liknande, under føresetnad av at motorvogna ikkje er eigd eller leigd av ein person, firma eller institusjon som er heimehøyrande i Noreg.

I samband med større arrangement av nasjonal interesse, slik som til dømes EM, VM og OL. I slike tilfelle krev ein ikkje at motorvogna skal førast av ein bestemt person.

I enkeltståande tilfelle der ein person vel å nytte motorvogn som transportmiddel til og frå utlandet. Med enkeltståande tilfelle meiner vi inntil 2 gonger per år. Vilkåret er at det blir søkt om køyreløyve for transport tur-retur mellom grensepassering og bustad. Slikt køyreløyve blir ikkje innvilga dersom det blir gjennomført regelmessige reiser mellom Noreg og utlandet av til dømes norske pensjonistar og studentar som oppheld seg i utlandet store delar av året.

Lista er ikkje uttømmande.

Du må søkje

Du må søkje om slikt løyve før bilen blir innført til Noreg. Søknaden sender du ved å logge på Altinn.

Du må rekne med minst 14 dagars sakshandsamingstid.

Usikker?

Reglane for avgiftsfri innførsel og mellombels bruk finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge

Sjå òg Skattedirektoratet sine kommentarar til forskrifta i årsrundskriv for eingongsavgift for utfyllande informasjon.

Du kan òg kontakte oss.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.