• Skriv ut
  • 1 Firmabil

Eg skal bruke utanlandsregistrert firmabil

Personar med fast opphaldsstad i Noreg kan få løyve til å bruke utanlandsregistrert firmabil. Du må søkje om slikt løyve før bilen blir innført til Noreg.

Søknaden sender du ved å logge på Altinn. Du må rekne med minst 14 dagars sakshandsamingstid.

Kven kan få løyve?

Løyve kan givast til

  • a) arbeidstakar med fast opphaldsstad i Noreg, når køyretøyet er stilt til rådvelde av ein arbeidsgivar som er etablert utanfor Noreg
  • b) sjølvstendig næringsdrivande med fast opphaldsstad i Noreg, når køyretøyet er stilt til rådvelde av ein oppdragsgivar som er etablert utanfor Noreg

Ver merksam på at køyretøy som er stilt til rådvelde av eit norskregistrert utanlandsk føretak (NUF) ikkje blir rekna som stilt til rådvelde av ein arbeids- eller oppdragsgivar etablert utanfor Noreg.

For at ein skal kunne gi løyve, må desse tre vilkåra vere oppfylte:

  1. Køyretøyet må vere nødvendig for at ein skal kunne utføre arbeidsoppgåvene eller oppdraget.
  2. Køyretøyet kan ikkje nyttast i Noreg i 183 dagar eller meir i løpet av ein 12-månadersperiode.
  3. Køyretøyet kan i løpet av 12-månadersperioden ikkje nyttast meir privat og ervervsmessig i Noreg enn ervervsmessig i utlandet, målt i talet på kilometer.

Kven skal søkje?

Det er arbeidstakaren eller den sjølvstendig næringsdrivande som skal bruke køyretøyet som må søkje om løyve.

Dokumentasjon og følgjer ved brot på regelverket

Vi gjer merksam på at dei som får køyreløyve, til kvar tid må kunne dokumentere at dei oppfyller vilkåra. Dersom du har fått løyve, og situasjonen din endrar seg slik at du ikkje lenger oppfyller vilkåra, pliktar du å utføre eller fortolle køyretøyet. Brot på regelverket fører med seg plikt til å betale avgifter, og du kan òg bli pålagt tilleggsskatt.

Korleis kan du dokumentere bruken?

Du må oppbevare dokumentasjon for faktisk bruk. Dette kan du gjere med ei kjørebok, der du dagleg og fortløpande noterer relevant informasjon. Til dømes bør du notere kvar turen startar og sluttar, kvifor du køyrer og køyrelengd (kilometerstand).

Usikker?

Reglane for avgiftsfri innførsel og mellombels bruk finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge

Sjå òg Skattedirektoratet sine kommentarar til forskrifta i årsrundskriv for eingongsavgift for utfyllande informasjon.

Du kan òg kontakte oss.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.