• Skriv ut
  • 1 Flytte frå Noreg

Eg skal flytte frå Noreg

Dersom du skal flytte frå Noreg, kan du søkje om å få mellombels køyreløyve for utanlandsregistrert køyretøy i samband med flyttinga.

Køyreløyve kan givast for inntil 14 dagar. Du må dokumentere flyttinga med ein flytteattest, arbeidskontrakt eller annan relevant dokumentasjon.

Du må søkje om slikt løyve før bilen blir innført til Noreg. Søknaden sender du ved å logge på Altinn. Du må rekne med minst 14 dagars sakshandsamingstid.

Usikker?

Reglane for avgiftsfri innførsel og mellombels bruk finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge

Sjå òg Skattedirektoratet sine kommentarar til forskrifta i årsrundskriv for eingongsavgift for utfyllande informasjon.

Du kan òg kontakte oss.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.