• Skriv ut
  • 1 Eg skal bruke eit køyretøy som er registrert på Svalbard

Eg skal bruke eit køyretøy som er registrert på Svalbard

Dersom du bur fast på Svalbard og skal på ferie i Fastlands-Noreg, kan du søkje om løyve til å bruke køyretøy registrert på Svalbard.

Du kan få innvilga køyreløyve for inntil tre månader per kalenderår. Før du tek med bilen til fastlandet, må du søkje om køyreløyve.

Søknaden sender du ved å logge på Altinn. Du må rekne med minst 14 dagars sakshandsamingstid.

Årsavgift

Du må betale årsavgift for køyretøyet.

Permanent flytting

Dersom du flyttar til fastlandet, må du fortolle og betale avgifter for køyretøyet.

Usikker?

Reglane for avgiftsfri innførsel og mellombels bruk finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge

Sjå òg Skattedirektoratet sine kommentarar til forskrifta i årsrundskriv for eingongsavgift for utfyllande informasjon.

Du kan òg kontakte oss.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.