• Skriv ut
  • 1 Lånebil

Eg skal bruke utanlandsregistrert privatlånt køyretøy

Personar med fast opphaldsstad i Noreg kan bruke utanlandsregistrert privatlånt køyretøy her i inntil 25 dagar i løpet av ein periode på 12 månader. Perioden på 25 dagar kan delast opp.

Du melder frå elektronisk ved å logge inn via ID-porten.

Du kan sjølv endre opplysningane i meldinga etter at du har sendt ho inn.

Du må ha med deg stadfestinga i bilen

Tilbakemeldinga du får på at opplysningane er sende til skattestyresmaktene blir rekna som ei stadfesting på at køyreløyve er gitt. Du må ha med deg løyvet i bilen.

Kva er privatlånt køyretøy?

Med privatlånt køyretøy meiner vi motorvogn som blir stilt til rådvelde for privatpersonar av privatpersonar med eller utan vederlag.

Utanlandsregistrerte utleigekøyretøy blir ikkje rekna for å vere privatlånte. Det finst ei eiga meldingsløysing for slike køyretøy.

Du må melde frå i forkant

Dei som skal bruke køyretøyet må melde frå til Skatteetaten før køyretøyet blir ført inn til Noreg. Det er berre den eller dei personane som har lånt køyretøyet som kan melde bruken til Skatteetaten.

Ver merksam på følgjande:

  • Innan utgangen av den innmelde perioden må låntakaren utføre køyretøyet til utlandet att
  • Dersom du ikkje følgjer regelverket må du betale avgifter. Du kan òg bli pålagt tilleggsskatt.

Usikker?

Reglane for avgiftsfri innførsel og mellombels bruk finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge

Sjå òg Skattedirektoratet sine kommentarar til forskrifta i årsrundskriv for eingongsavgift for utfyllande informasjon.

Du kan òg kontakte oss.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.