• Skriv ut
  • 1 Leigebil

Eg skal bruke utanlandsregistrert utleigekøyretøy

Personar med fast opphaldsstad i Noreg kan bruke utanlandsregistrert utleigekøyretøy her i inntil 42 dagar i løpet av ein periode på 12 månader. Perioden på 42 dagar kan delast opp.

Du melder frå elektronisk ved å logge inn via ID-porten.

Du kan sjølv endre opplysningane i meldinga etter at du har sendt ho inn.

Du må ha med deg stadfestinga og leigekontrakten i bilen

Tilbakemeldinga du får på at opplysningane er sende til skattestyresmaktene blir rekna som ei stadfesting på at køyreløyve er gitt. Du må ha med deg løyvet og leigekontrakten i bilen

Kva er eit utleigekøyretøy?

Med utleigekøyretøy meiner vi motorvogn som ledd i profesjonell verksemd stilt til rådvelde for leigetakaren mot vederlag for eit bestemt tidsrom. Dersom leigeavtalen inneheld ein kjøpsopsjon, blir ikkje køyretøyet rekna som eit utleigekøyretøy.

Dersom køyretøyet er stilt til rådvelde for deg av ein privatperson, blir det ikkje rekna for å vere eit utleigekøyretøy. Det finst ei eiga meldingsløysing for slike køyretøy.

Du må melde frå i forkant

Dei som skal bruke køyretøyet må melde frå til Skatteetaten før køyretøyet blir ført inn til Noreg. Det er berre den eller dei personane som står oppført i leigekontrakten som kan melde bruken til Skatteetaten.

 

Ver merksam på følgjande:

  • Innan utgangen av den innmelde perioden må du anten utføre bilen att eller levere bilen til utleigaren sin representant
  • Dersom du ikkje følgjer regelverket må du betale avgifter. Du kan òg bli pålagt tilleggsskatt.

Usikker?

Reglane for avgiftsfri innførsel og mellombels bruk finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge

Sjå òg Skattedirektoratet sine kommentarar til forskrifta i årsrundskriv for eingongsavgift for utfyllande informasjon.

Du kan òg kontakte oss.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.