• Skriv ut
  • 1 Eg skal flytte til Noreg permanent

Eg skal flytte til Noreg permanent

Bruke bil i samband med flyttinga

Dersom du skal flytte til Noreg permanent, kan du søkje om å få mellombels køyreløyve for utanlandsregistrert køyretøy i samband med flyttinga. Køyreløyve kan givast for inntil 14 dagar. Du må dokumentere flyttinga med ein flytteattest, arbeidskontrakt eller annan relevant dokumentasjon. Du må søkje om slikt løyve før bilen blir innført til Noreg. Søknaden sender du ved å logge på Altinn. Du må rekne med minst 14 dagars sakshandsamingstid.

Importere bil til Noreg

Skal du ta med deg ein utanlandsregistrert bil når du flyttar til Noreg, må du importere køyretøyet og betale toll og avgifter. Dette gjeld uavhengig av statsborgarskap og kvar du flyttar frå.

Usikker?

Reglane for avgiftsfri innførsel og mellombels bruk finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge

Sjå òg Skattedirektoratet sine kommentarar til forskrifta i årsrundskriv for eingongsavgift for utfyllande informasjon.

Du kan òg kontakte oss.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.