Vrake bil

  • Skriv ut

Dersom du vrakar bilen din innan gitte fristar, kan du sleppe eller få redusert årsavgifta.

Årsavgift ved vraking av bil

Viktige datoar:

    • 1. januar – 20. mars: Vrakar du bilen seinast 20. mars, skal du ikkje betale årsavgift. Dersom du får faktura for årsavgift, treng du ikkje å betale denne. Har du allereie betalt, får du refundert avgifta.
    • 21. mars - 30. juni: Vrakar du bilen i perioden frå og med 21. mars til og med 30. juni, blir halve avgifta refundert. Beløpet blir refundert til den som åtte køyretøyet då det blei vraka.
    • Vrakar du bilen etter 30. juni, får du ikkje refundert årsavgifta.

For køyretøy som blir registrerte for første gong eller som blir registrerte på nytt etter å ha vore avregistrert, gjeld andre fristar for vraking.

Når du vrakar bilen din på ein godkjend vrakplass, får du dokumentasjon på at bilen er vraka. Vrakstaden sender dokumentasjon til Skatteetaten, og du får automatisk refundert årsavgifta.

Vrakpant

Vrakpanten er 3 000 kroner i 2016.

Du får utbetalt vrakpanten innan 14 dagar etter at vi har teke imot dokumentasjon frå vrakplassen.

Kvar kan eg vrake bilen min?

Sjå oversikta over godkjende vrakplassar 

Kondemnering

Kondemnering er ikkje det same som vraking og gir ikkje redusert årsavgift. Å kondemnere eit køyretøy er å erklære det for ubrukeleg. Dette er eit forhold mellom deg og forsikringsselskapet ditt, til dømes ved ulukker og skadar.

Vrake køyretøy i utlandet og feilregistrering

Om du skal melde frå om feilvraka køyretøy, køyretøy vraka i utlandet eller andre førespurnader om vraking, kan du kontakte oss.

Spørsmål?

Dersom du lurer på noko om vraktpant, kan du kontakte oss på telefonnummer 75 54 66 00.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.