Hopp til hovedinnholdet på siden

Starthjelp for næringsdrivande 2010

Rettledning, 28. februar 2011, oppdatert 16. mars 2011 Del/tips Utskriftversjon  Bokmål  Engelsk

Sjekkliste

Del 1 – Sjølmeldinga – levering, fristar o.l.

Om førehandsutfylt sjølvmelding

Sjølvmeldingstypar

Skatteplikt til fleire kommunar

Leveringsfrist

Dokumentasjonskrav

Ny likningsverdi på bustader

For seint levert sjølvmelding

Ikkje levert sjølvmelding

Varsel om endring

Uriktige eller ufullstendige opplysningar

Skatteutrekning

Restskatt

Tilleggsforskot

Pengar til gode

Klage på likninga

Ektefellar

Del 2 – Fritak frå levering av næringsoppgåve

Vilkår for fritak

Unntak

Felt i sjølvmeldinga

Del 3 – Postar som berre gjeld næringsdrivande

Enkeltpersonføretak

Deltakar i deltakarlikna selskap (ANS, DA, KS o.l.)

Del 4 – Viktige skjema

Næringsoppgåve

Deltakaroppgåve

Meir informasjon

Slik endrar du sjølvmeldinga på papir

Slik leverer du sjølvmeldinga elektronisk

Korleis få hjelp i den elektroniske leveringstenesta:

Til toppen

Sjekkliste

Du kan lese meir om postane under i «Rettleiing til postane».

Det kan vere aktuelt å gjere endringar eller tillegg i sjølvmeldinga dersom du i 2010 m.a. har hatt:

Aksjar

Utbytte, kjøp eller sal av aksjar/eigenkapitalbevis

Postane 3.1.5, 3.1.7, 3.1.8, 3.1.10, 3.1.12, 3.3.8, 3.3.10 og 4.1.8

Barnehage/dagmamma

Utgifter til pass og stell av barn (gjeld òg kostnader til transport)

Post 3.2.10

Bil og/eller båt

Kjøpt eller selt båt, bil eller campingvogn

Postane 4.2.4, 4.2.5 og 4.2.6

Bustad og/eller fritidsbustad – inntekter/frådrag

Fri bruk av bustad utanfor arbeidsforhold (føderåd)

Postane 2.2.2 og 2.6.2

Fri bustad utanfor arbeidsforhold

Post 3.1.12

Kjøp eller sal

Postane 2.8.4 (skattepliktig gevinst) og 3.3.6 (frådragsgodkjent tap)

Utleige bustad/fritidsbustad

Postane 2.8.2 og 3.3.12

Utleige av fritidsbustad du nyttar sjølv

Post 2.8.3

Bustad - formue

Dersom du ikkje har sendt inn opplysningar om areal (P-ROM eller buareal), bustadtype og byggjeår tidlegare, må du gje opplysningane i sjølvmeldinga. Sjå meir om dette i «Rettleiing til postane» og «Ny likningsverdi på bustader».

Festa (bygsla/leigd) tomt

Sjå temaet «Festetomter til bustad- og fritidshus» i «Rettleiing til postane»

Lån til/frå private

Lånt pengar til eller frå familie og vener

Postane 3.1.2, 3.3.1, 4.1.6 og 4.8.1

Næringsinntekt/-underskot

Postane 2.7 og 3.2.19

Pendlarkostnader

Budd utanfor heimen på grunn av arbeidet

Postane 3.2.7 og 3.2.9

Reiseutgifter heim–arbeid/besøksreiser

Reisefrådrag på meir enn kr 13 700

Postane 3.2.8/3.2.9

Renteinntekt – ekstraskattlegging

Post 3.1.3

Sjukdomsutgifter

Meirutgifter på minst kr 9 180 som følgje av varig sjukdom

Post 3.5.4

Underhaldsbidrag

Motteke frå eller betalt til fråseparert eller tidlegare ektefelle

Postane 2.6.1 og 3.3.3

Underskot

Underskot frå tidlegare år som kan førast til frådrag i 2010

Post 3.3.11

Utland – formue og inntekt

Postane 1.5.6, 3.1.11, 3.3.2, 4.1.9, 4.6.1, 4.6.2 og 4.8.3

Til toppen

Del 1 – Sjølmeldinga – levering, fristar o.l.

Om førehandsutfylt sjølvmelding

Sjølvmeldingane er førehandsutfylte med opplysningar som Skatteetaten har frå eigne register eller har motteke frå bankar, finansinstitusjonar, andre offentlege etatar og arbeidsgjevarar. Det er viktig at du går nøye gjennom og kontrollerer dei førehandsutfylte opplysningane. Det er ditt ansvar å sjå til at opplysningane er riktige og fullstendige. Eventuelle feil endrar du i kolonnen «Retta til» ved å endre beløpet. Dersom du har andre opplysningar som har noko å seie for likninga, må du òg gje desse opplysningane i sjølvmeldinga.

Opplysningar knytte til næringsverksemd skal førast på ei eiga side i sjølvmeldinga (gjeld papirlevering). Næringsdrivande skal vanlegvis levere næringsoppgåve (sjå omtalen av RF-1175) og personinntektsskjema. Kva slags næringsverksemd du driv avgjer kva for andre skjema som er naudsynte for at du skal få levert ei komplett sjølvmelding.

Dersom du endrar lønn og pensjon, kan dette føre til endra minstefrådrag. Du treng ikkje rekna ut nytt minstefrådrag. Skatteetaten gjer dette.

Hugs å føre opp alle frådrag du har krav på. Då unngår du å betale for mykje skatt.

Dersom du har krav på foreldrefrådrag, bør du sjekke at beløpet er rett.

Dersom du har skifta arbeidsplass/forretningsstad eller bustad i løpet av året, kan eit eventuelt førehandsutfylt reisefrådrag vere feil. Det same gjeld dersom du ikkje har vore i arbeid heile året eller har endra stillingsbrøk.

Er du einsleg forsørgjar, kan du ha krav på klasse 2, sjå temaet «Foreldre og barn» i «Rettleiing til postane».

Til toppen

Sjølvmeldingstypar

Personlege skattytarar får anten tilsendt:

  • «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.» eller
  • «Sjølvmelding for lønnstakarar og pensjonistar o.a.»

Du kan lese meir om levering av sjølvmeldinga i «Rettleiing til postane», post 2.7.

Til toppen

Skatteplikt til fleire kommunar

Dersom du er skattepliktig til fleire kommunar, skal du likevel berre levere sjølvmeldinga til eitt skattekontor.

Saman med sjølvmeldinga leverer du skjemaet RF-1034 med forslag til fordeling av formue og inntekt mellom kommunane.

Til toppen

Leveringsfrist

Fristen for å levere sjølvmeldinga er 31. mai 2011 dersom du leverer elektronisk. Leverer du på papir, er fristen 30. april 2011. Har du i 2010 vore deltakar i eit deltakarlikna selskap som sender inn selskapsoppgåva elektronisk, har du frist til 31. mai 2011.

Du kan søkje om utsetjing dersom det er svært vanskeleg for deg å levere innan fristen, t.d. på grunn av sjukdom. Søk etter «RF-1114» på skatteetaten.no for meir informasjon om utsetjing.

Til toppen

Dokumentasjonskrav

Saman med sjølvmeldinga skal du alltid sende inn:

  • legeattest når du krev særfrådrag for store kostnader i samband med sjukdom. Dersom du tidlegare har lagt fram legeattest der det går fram at sjukdomen er kronisk, treng du ikkje å sende inn ny legeattest.
  • legeattest/attest frå barnevern som stadfestar særleg behov for omsorg og pleie av barn som er eldre enn 11 år, sjå omtalen av post 3.2.10 i «Rettleiing til postane»
  • dokumentasjon for gjeldsrenter i utlandet
  • dokumentasjon for betalt skatt i utlandet dersom du krev kreditfrådrag eller inntektsfrådrag
  • dokumentasjon dersom du til saman har hatt meir enn kr 100 000 i skattefrie lotterigevinstar o.l.

Leverer du sjølvmeldinga på skatteetaten.no, kan du levere naudsynt dokumentasjon anten på papir eller som elektroniske vedlegg innan sjølvmeldingsfristen. Hugs å merkje vedlegga med namn og fødselsnummer.

Annan dokumentasjon er det berre krav om å sende inn dersom skattekontoret ber om det. Ver likevel merksam på at du kan bli beden om dokumentasjon òg etter at du har motteke skatteoppgjeret. Ta difor vare på dokumentasjonen.

Til toppen

Ny likningsverdi på bustader

Likningsverdien på bustadeigedom skal ikkje overstige 30 prosent (60 prosent for bustader der du ikkje har heimen din) av dokumentert marknadsverdi. Likningsverdien er fastsett på grunnlag av opplysningar om prisnivået i bustadmarknaden og maksimalgrensene skal difor normalt ikkje overstigast. Dersom du kan dokumentere at maksimalgrensene er overstigne, skal likningsverdien setjast ned. Ved krav om nedsetjing må du gje opp marknadsverdien på bustaden i sjølvmeldinga. Dokumentasjonen skal du berre sende inn dersom skattekontoret ber om det. Vær merksam på at likningsverdien ikkje har noko å seie for den skatten du skal betale i 2010 med mindre du skal betale formuesskatt.

Les meir på skatteetaten.no/boligverdi

Til toppen

For seint levert sjølvmelding

I utgangspunktet får du forseinkingsavgift dersom du leverer sjølvmeldinga etter fristen, men før skatteoppgjeret er sendt ut, med mindre du har fått utsetjing.

  • Ved levering innan éin månad etter fristen er avgifta 1 promille av nettoformuen og 2 promille av nettoinntekta.
  • Ved levering meir enn éin månad etter fristen er avgifta 1 promille av nettoformuen og 1 prosent av nettoinntekta.
  • Ved levering etter fristen, men før skatteoppgjeret er sendt ut, er avgifta 1 promille av nettoformuen og 2 prosent av nettoinntekta.
Til toppen

Ikkje levert sjølvmelding

Dersom du ikkje leverer sjølvmeldinga før skatteoppgjeret er sendt ut, blir sjølvmeldinga rekna som «ikkje levert». Då blir formuen og inntekta fastsette ved skjønn, og du kan bli pålagt tilleggsskatt. Bruk av tilleggsskatt i desse tilfella kan føre til at skatten vil utgjere opp til 60 prosent meir enn utan bruk av tilleggsskatt. Du kan heller ikkje krevje å få handsama ei eventuell klage.

Til toppen

Varsel om endring

Skattekontoret kan endre beløp som du har ført i sjølvmeldinga. Hovudregelen er at du får varsel dersom det er aktuelt å gjere endringar. Skattekontoret treng ikkje varsle deg for å:

  • forhøgje bruttoformue og/eller redusere gjeld som til saman ikkje utgjer meir enn kr 20 000
  • forhøgje inntekt og/eller redusere frådrag som til saman ikkje utgjer meir enn kr 1 000
  • stryke ein post som ikkje er frådragsgodkjend, når du tidlegare har fått stroke ein tilsvarande post
  • endre ein skjønnsmessig fastsett formues- eller inntektspost når tilsvarande endring er gjort ved ei tidlegare likning
  • endre, utelate eller leggje til beløp som det er klart skuldast rekne/skrivefeil eller mistyding av skattelovgjevinga, og ei eventuell fråsegn frå deg ikkje vil ha noko å seie for likninga
Til toppen

Uriktige eller ufullstendige opplysningar

Gjev du uriktige eller ufullstendige opplysningar, må du vanlegvis betale tilleggsskatt.

Tilleggsskatten er 30 prosent av den skatten som er eller kunne ha vore unndregen. I alvorlege tilfelle kan det i tillegg påleggjast ein skjerpa tilleggsskatt med 15 eller 30 prosent. Den totale tilleggsskatten blir då 45 eller 60 prosent.

Til toppen

Skatteutrekning

skatteetaten.no finn du eit enkelt skatteutrekningsprogram.

Til toppen

Restskatt

På restskatt er det rekna eit rentetillegg. Restskatt (med rentetillegg) på kr 99 eller lågare blir ikkje kravd inn.

Pensjonistar og trygda som får skatteavgrensing på grunn av låg inntekt, slepp rentetillegg på restskatt. Om skatteavgrensing, sjå temaet «Skatteavgrensing» i «Rettleiing til postane».

Du får nærare opplysningar om renteutrekninga og rentesatsane i skatteoppgjeret ved å gå inn på skatteetaten.no eller ved å kontakte skatteoppkrevjaren eller Skatteopplysninga (SOL).

Til toppen

Tilleggsforskot

Vil du unngå renter på restskatten, kan du betale tilleggsforskot innan 31. mai 2011. Tilleggsforskot som er betalt etter 31. mai, blir det ikkje teke omsyn til ved skatteavrekninga.

Du finn informasjon om konto- og kidnummer til innbetaling av tilleggsforskot på sjølvmeldinga di.

Til toppen

Pengar til gode

Har du pengar til gode på skatten, kan du få beløpet inn på bankkonto.

På tilgodebeløp er det rekna rentegodtgjersle. Tilgodebeløp (med rentegodtgjersle) på kr 99 eller lågare blir ikkje tilbakebetalte.

Nærare opplysningar om renteutrekninga og rentesatsane i skatteoppgjeret får du ved å gå inn på skatteetaten.no eller ved å kontakte skatteoppkrevjaren eller Skatteopplysninga (SOL).

Klage på skatteavrekninga

Klage på skatteavrekninga skal sendast til skatteoppkrevjaren innan tre veker etter at vedtaket har kome fram.

Til toppen

Klage på likninga

Klagefristen 6 veker frå skatteoppgjeret er sendt ut. Skatteoppgjeret kjem i oktober 2011.

Klaga skal leverast elektronisk (søk etter skjemaet RF-1117 på skatteetaten.no) eller på papir til skattekontoret. For meir informasjon, sjå skatteetaten.no.

Til toppen

Ektefellar

Ektefellar som vel å fordele bankinnskot, renteinntekter, gjeld og gjeldsrenter annleis enn det som går fram av dei førehandsutfylte sjølvmeldingane, må sørgje for at begge sjølvmeldingane blir retta. Sjå òg  temaet «Ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar» i «Rettleiing til postane».

Til toppen

Del 2 – Fritak frå levering av næringsoppgåve

Frå og med inntektsåret 2009 er ein del personleg næringsdrivande med enkeltpersonføretak fritekne frå å levere næringsoppgåve. Dei som kjem inn under ordninga kan framleis velje å levere næringsoppgåve.

Dersom du er friteken frå å levere næringsoppgåve, har du heller ikkje bokføringsplikt. Du må likevel dokumentere alle inntektene og kostnadene dine. Denne dokumentasjonen må du ta vare på i 10 år.

Til toppen

Vilkår for fritak

  • Brutto driftsinntekt for året må ikkje overstige kr 50 000.
  • Du må vere skattemessig busett i Noreg.
  • Føretaket ditt må ikkje ha regneskapsplikt, jf. lov av 17.07.1998 nr. 56 (rekneskapslova) § 1-2.
  • Føretaket ditt må ikkje vere registreringspliktig, jf. lov av 19.06.2009 nr. 58 (meirverdiavgiftslova) § 2-1.
Til toppen

Unntak

Verksemder der årsresultatet inngår i gjennomsnittslikning kan ikkje nytte ordninga. Dette gjeld skogbruk (skattelova § 14-81) og reindrift (skattelova § 14-82). Dei som driv verksemd innanfor desse bransjane må levere skjema RF-1175 og RF-1177. Ordninga kan ikkje nyttast dersom du har plikt til å levere

  • RF-1223 «Drosje- og lastebilnæring 2010»
  • RF-1189 «Utleige mm. av fast eigedom 2010» saman med RF-1084 som både gjeld næringsverksemd og den utleigde eigedomen

Du kan heller ikkje nytte ordninga dersom du

  • krev næringsinntekta fordelt med ektefelle o.l.
  • har drive meir enn ei verksemd i løpet av året
  • har drive verksemd som er skattepliktig til meir enn éin kommune
Til toppen

Felt i sjølvmeldinga

Sum driftsinntekter

Her fører du alle driftsinntektene dine. Feltet svarar til post 9900 i næringsoppgåva. Dersom du i RF-1084 inntektsfører negativ saldo for driftsmidlar i næringsverksemd, tek du med denne inntekta i driftsinntektene og leverer RF-1084 som vedlegg til sjølvmeldinga. Dersom du fører inntekt knytt til driftsmidlar i næringsverksemd i RF-1219 «Gevinst- og tapskonto 2010» post 15a, tek du med denne inntekta i driftsinntektene og leverer RF-1219 som vedlegg til sjølvmeldinga.

Sum driftskostnader

Her fører du dei totale frådragsgodkjende driftskostnadene dine. Feltet svarar til post 9910 i næringsoppgåva. Dersom du krev avskriving for driftsmidlar som inngår i næringsverksemda, tek du med avskrivinga i driftskostnadene og leverer RF-1084 som vedlegg til sjølvmeldinga. Dersom du krev inntektsfrådrag knytt til driftsmidlar i næringsverksemd i RF-1219 «Gevinst- og tapskonto 2010» post 15b, tek du med dette inntektsfrådraget i driftskostnadene og leverer RF-1219 som vedlegg til sjølvmeldinga.

Driftsresultatet

Driftsresultatet fører du i post 2.7 i sjølvmeldinga.

Utrekna personinntekt

Dersom du nyttar deg av leveringsfritaket, er levering av RF-1224 «Personinntekt frå enkeltpersonføretak 2010» friviljug. Dersom du ikkje leverer skjemaet, blir beløpet i feltet «Driftsresultat» lagt til grunn for utrekna personinntekt.

Ønskjer du å rekne ut personinntekta i RF-1224, kan du levere skjemaet saman med sjølvmeldinga. Du må levere RF-1224 dersom du har negativ utrekna personinntekt, anten frå det aktuelle inntektsåret eller til framføring.

Til toppen

Del 3 – Postar som berre gjeld næringsdrivande

Om deltakarlikna selskap (ANS, DA, KS o.l.), sjå «Deltakar i deltakarlikna selskap (ANS, DA, KS o.l.)».

Der det under er vist til skjema med RF-nummer, finn du nærare informasjon om skjemaa i del 4.

Til toppen

Enkeltpersonføretak

Dersom du har inntekt frå enkeltpersonføretak (sjølvstendig næringsdrivande), inngår den i alminneleg inntekt. Av alminneleg inntekt betalar du skatt til kommunen og fylkeskommunen, og dessutan fellesskatt til staten. Av denne inntekta blir det òg rekna ut personinntekt, som er grunnlaget for utrekning av trygdeavgift og toppskatt. Som næringsdrivande har du plikt til å levere næringsoppgåve og personinntektsskjema. Du kan lese meir om desse skjemaa i del 4 nedanfor. Næringsdrivande med driftsinntekter som ikkje overstig kr 50 000, vil normalt vere fritekne frå å levere næringsoppgåve og personinntektsskjema, sjå del 2 ovanfor.

1.5.8 Krev du frådrag i skatt for kostnader til godkjent(de) forskings- og utviklingsprosjekt?

Reglane er skildra i RF-1053 (sjå skjemaoversikta i del 4).

1.5.9 Kraftverkseigarar

Ubrukt naturressursskatt frå tidlegare år medrekna renter står i skatteoppgjeret for 2009 og skal gå fram av post 1.5.9.

1.5.10 Felles bedrift

Ektefellar som har fordelt næringsinntekt/utrekna personinntekt frå felles bedrift, skal krysse av i denne posten. Fordelt næringsinntekt skal førast i post 2.7 og fordelt utrekna personinntekt i post 1.6. Fordelinga skal gjerast i næringsoppgåva og i personinntektsskjemaet. Den ektefellen som er hovudutøvaren sender inn næringsoppgåve og skjemaet «Personinntekt frå enkeltpersonføretak 2010» (RF-1224) som vedlegg til sjølvmeldinga si. Om fordeling, sjå rettleiing RF-1176 (omtalen av postane 0401-0403), eller rettleiing RF-1168 (omtalen av post 0999).

1.6.1 eller 1.6.2 Positiv personinntekt frå enkeltpersonføretak og mannskapslott frå fiske og fangst

Som næringsdrivande har du plikt til å levere RF-1224 «Personinntekt frå enkeltpersonføretak 2010». Dette gjeld ikkje næringsdrivande som er fritekne frå å levere næringsoppgåve, sjå del 2 over. Om utrekning av personinntekt, sjå rettleiinga RF-1225. Negativ utrekna personinntekt skal ikkje overførast frå RF-1224 til sjølvmeldinga, men kan framførast til frådrag i personinntekta for seinare år.

Positiv inntekt frå post 119 i RF-1213 «Fiske 2010» skal førast i post 1.6.1 i sjølvmeldinga.

Dersom du har slutta å drive enkeltpersonføretak (avslutta sjølvstendig næringsverksemd), men det står att saldo på RF-1219 eller negativ saldo på RF-1084 etter næringsverksemda, skal du føre den skattepliktige delen som personinntekt i post 1.6.1 eller 1.6.2, sjølv om det ikkje er levert næringsoppgåve og personinntektsskjema (RF-1224). Beløpet frå post 15a i RF-1219 og/eller positiv inntekt frå post 110 i RF-1084 skal førast over til post 3.1.12 og 1.6.2 i sjølvmeldinga. Dersom gevinsten stammar frå jordbruk, skogbruk, fiske, reindrift og pelsdyrnæring, skal den førast i post 3.1.12 og 1.6.1. Det same gjeld for familiebarnehagar eller anna barnepass i eigen heim.

Har du framført negativ personinntekt frå tidlegare år for det avslutta enkeltpersonføretaket, skal denne inntekta avkorte positiv personinntekt som eventuelt er overført direkte til sjølvmeldinga frå post 15a i RF-1219 og/eller post 110 i RF-1084. Gje i så fall tilleggsopplysningar om den framførte negative personinntekta i post 5.0 i sjølvmeldinga.

1.6.3 eller 1.6.4 Sjukepengar utbetalt til sjølvstendig næringsdrivande

Beløpet skal òg førast i post 2.7.13.

2.1.3 Familiebarnehage i eigen heim, mellom anna sjukepengar

Sjå tilsvarande post i «Rettleiing til postane».

2.7 Næringsinntekter

Det går fram av papirsjølvmeldinga kvar beløpa skal hentast frå, og kva post i sjølvmeldinga dei skal førast i.

2.7.3 Næringsinntekt frå fiske og fangst

For fiskarar som ikkje har bokføringsplikt (lottakarar) skal beløpet hentast frå post 117 i RF-1213. Har du drive fiske som enkeltpersonføretak, skal næringsinntekta hentast frå post 0402 i næringsoppgåva.

2.7.13 Sjukepengar o.a. til sjølvstendig næringsdrivande

Posten omfattar òg fødselspengar og omsorgspengar til sjølvstendig næringsdrivande ved adopsjon.

Sjukepengar i kode 444 i oppgåva frå NAV skal du føre i post 2.1.3 når pass av barn skjer i eigen heim.

3.2.15 Jordbruksfrådrag

Du kan krevje jordbruksfrådrag dersom visse vilkår er oppfylte. Du må då levere RF-1177. Dersom du er friteken for å levere næringsoppgåve, sjå del 2 ovanfor, skal du ikkje levere RF-1177. Du fører i staden frådraget direkte i sjølvmeldinga. Informasjon om vilkåra og storleiken på frådraget finst i rettleiinga RF-1178.

3.2.16 Særskilt frådrag i reindriftsverksemd

Er du reineigar og har drive reindrift meir enn halvparten av inntektsåret, kan du krevje reindriftsfrådrag. Du må då levere RF-1177. Dersom du er friteken for å levere næringsoppgåve (driftsinntekter som ikkje overstig kr 50 000 og gjennomsnittslikning ikkje byrja), sjå del 2 ovanfor, skal du ikkje levere RF-1177. Du fører i staden frådraget direkte i sjølvmeldinga. Informasjon om reglane og storleiken på frådraget finst i rettleiinga RF-1178.

3.2.17 Særskilt frådrag i skiferverksemd

Driv du skiferproduksjon i Finnmark eller visse kommunar i Nord-Troms, kan du krevje eit særskilt frådrag. Det er nytt av året at du ikkje skal levere RF-1177, men du må føre frådraget direkte i sjølvmeldinga.

Informasjon om reglane og storleiken på frådraget finst i rettleiinga RF-1178.

3.2.18 Premie til eiga tilleggstrygd for næringsdrivande

Her fører du friviljug premie til folketrygda for eiga tilleggstrygd for sjukepengar eller yrkesskadetrygd.

3.2.19 Underskot i næringsverksemd for året

Dersom du ikkje leverer sjølvmeldinga elektronisk, må du hugse å setje minusteikn framfor beløpet. Det går fram av papirsjølvmeldinga kvar beløpa i næringsoppgåva skal førast i sjølvmeldinga. Dersom verksemda er avslutta og du har eit underskot ved drifta som ikkje blir dekt av anna inntekt, kan du krevje frådrag for dette underskotet i inntekta for 2009. Dersom underskotet ikkje blir dekt av inntekt i 2009, kan det førast til frådrag i inntekta i 2008, men ikkje lenger attende. Tilbakeføringa av underskot skal gjennomførast ved endring av likninga for dei aktuelle åra. Dersom udekt underskot ikkje kan utnyttast ved tilbakeføring, eller du ikkje ønskjer det, kan underskotet i staden trekkjast frå i framtidig inntekt, sjå post 3.3.11 i «Rettleiing til postane». I post 5.0 (Tilleggsopplysningar) i sjølvmeldinga kan du krevje å få endra likninga for 2009 og/eller 2008 dersom vilkåra er oppfylte.

3.3.11 Framførbart underskot frå tidlegare år

Om framførbart underskot generelt, sjå tilsvarande post i «Rettleiing til postane». Særregelen for tidlegare underskot knytt til våningshus på gardsbruk går fram av avsnitt VI i RF-1178.

4.3.4 Skogverdi

Skogverdien for 2010 er vanlegvis førehandsutfylt. Dersom skogverdien har endra seg vesentlig i løpet av året (t.d. pga. tilkjøp, fråsal, freding, naturskade eller liknande), må du stryke den førehandsutfylte verdien og levere skjema RF-1016 med utrekna ny verdi. Nærare opplysningar finn du i rettleiinga RF-1017.

4.4.1 Bilar, maskiner, inventar o.a.

Her fører du bilar, inventar o.l. som er driftsmidlar i yrket eller næringsverksemda. Den skattemessige nedskrivne verdien skal leggjast til grunn dersom det ikkje kan påvisast at den faktiske verdien er lågare. Bilar, innbu og annan lausøyre som ikkje er driftsmiddel, skal førast i postane 4.2.3–4.2.6.

4.4.2 Buskap

Skattedirektoratet har fastsett normalverdiar for dei fleste husdyr. Sjå takseringsreglane til Skattedirektoratet § 3-1-4 på skatteetaten.no.

4.4.3 Varelager

Eigenproduserte varer blir verdsette til tilverknadsverdien, og innkjøpte varer blir verdsette til anskaffingsverdien.

4.4.4 Skip, fiske- og fangstfartøy o.a.

Sjå takseringsreglane til Skattedirektoratet § 2-1-5 på skatteetaten.no.

4.8.1 Gjeld frå næringsoppgåve som ikkje er førehandsutfylt i sjølvmeldinga

Døme på dette vil vere leverandørgjeld, forskot frå kundar, skuldig arbeidsgjevar- og meirverdiavgift, pantegjeld til tidlegare eigar ved overdraging av næring, gjeld til tilsette o.a.

Til toppen

Deltakar i deltakarlikna selskap (ANS, DA, KS o.l.)

Som deltakar i deltakarlikna selskap o.l. (DLS) treng du ikkje sende næringsoppgåve og/eller personinntektsskjema dersom dette er den einaste næringsverksemda di. Deltakaren skal motta deltakaroppgåva «Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap 2010» (RF-1221) frå selskapet. Sjå òg rettleiinga RF-1222 og «Deltakarmodellen» på skatteetaten.no.

Arbeidsgodtgjersle til personlege deltakarar blir rekna både som alminneleg inntekt og personinntekt, sjå omtalen av postane 1.7.1 og 1.7.4 nedanfor. Arbeidsgodtgjersle inngår ikkje i verksemdsinntekta til selskapet. Deltakaren sin del av overskot frå DLS blir skattlagd som alminneleg inntekt på deltakaren si hand. Like eins blir det gjeve frådrag i alminneleg inntekt for deltakaren sin part av selskapet sitt underskot. Dersom deltakaren får ei utdeling frå selskapet, skal det reknast ut eit tillegg til den alminnelege inntekta for deltakaren. Det er ikkje krav om aktiv deltaking for utrekning av tillegg i alminneleg inntekt. Tilbakebetaling av innbetalt eigenkapital blir ikkje rekna som utdeling frå selskapet.

1.7.1 eller 1.7.4 Arbeidsgodtgjersle frå deltakarlikna selskap

Arbeidsgodtgjersle frå DLS som driv jordbruk, skogbruk, fiske, reindrift, pelsdyrnæring eller familiebarnehage i deltakaren sin heim, skal førast i post 1.7.1. Beløpet hentar du frå post 1160 i deltakaroppgåva (RF-1221). Arbeidsgodtgjersle frå anna DLS skal førast i post 1.7.4. Beløpet hentar du frå post 1162 i deltakaroppgåva (RF-1221). Dersom du har motteke lønn som kommandittist, må du sjå til at beløpet er ført i post 2.1 og ikkje i post 1.7.1.eller 1.7.4.

1.7.2 eller 1.7.5 Samordning av negativ utrekna personinntekt frå enkeltpersonføretak med arbeidsgodtgjersle frå deltakarlikna selskap

Her fører du negativ personinntekt som du kan samordne (sjå nedanfor) med arbeidsgodtgjersle i post 1.7.1 eller 1.7.4. Om vilkåra for slik samordning, sjå rettleiinga RF-1225 post 1.30.

Beløpet i post 1.7.2 eller 1.7.5 hentar du frå post 1.21 i RF-1224. Både den negative utrekna personinntekta for året og framførbar negativ utrekna personinntekt frå enkeltpersonføretaket frå tidlegare år kan inngå i dette beløpet. Du kan ikkje krevje frådrag for tidlegare negativ personinntekt frå aksjeselskap eller deltakarlikna selskap.

1.7.7 eller 1.7.8 Del av ektefellen si arbeidsgodtgjersle frå deltakarlikna selskap

Godtgjersle du har fått for arbeid utført i DLS der ektefellen din er ansvarleg deltakar, blir ikkje skattlagd som lønn, men som næringsinntekt. Du fører din del av arbeidsgodtgjersla i post 1.7.7 eller 1.7.8 dersom du ikkje har fått eiga deltakaroppgåve, sjå skjemaomtalane. Dersom beløpet kjem frå selskap som driv jordbruk, skogbruk, fiske, reindrift, pelsdyrnæring eller familiebarnehage i deltakaren sin heim, fører du beløpet i post 1.7.7. I andre tilfelle fører du delen av arbeidsgodtgjersla i post 1.7.8. Dersom oversikta over fordeling av formue og inntekt mellom ektefellar er fylt ut i deltakaroppgåva, skal beløpet for deltakar og ektefelle hentast frå oversikta og førast i sjølvmeldinga. Tapa hentas høvesvis frå post 1260 og 1261 for selskap som driv jordbruk, skogbruk, fiske, reindrift, pelsdyrnæring eller familiebarnehage i deltakaren sin heim, og frå post 1262 og 1263 for anna næring.  Ektefellen må sjølv føre beløpet i sjølvmeldinga si.

2.1.3, 2.7.7, 2.7.8 eller 3.2.19 Næringsinntekt/-underskot frå deltakarlikna selskap

Her blir beløpet henta frå post 1140 i RF-1221. Dersom deltakaren har drive familiebarnehage i eigen heim, skal deltakaren sin del av overskotet førast i post 2.1.3. Har selskapet drive jordbruk, skogbruk, fiske, reindrift eller pelsdyrnæring, skal deltakaren sin del av overskotet i selskapet førast i post 2.7.7 i sjølvmeldinga. I andre tilfelle skal overskotet førast i post 2.7.8. Dersom det står minusteikn framfor beløpet på deltakaroppgåva, skal beløpet overførast til post 3.2.19 i sjølvmeldinga. Deltakaren skal skrive minusteikn framfor underskotet i post 3.2 .19 dersom han/ho leverer «Sjølvmelding for næringsdrivande» på papir. Dersom oversikta over fordeling av formue og inntekt mellom ektefellar er fylt ut i deltakaroppgåva, skal totalbeløpa for deltakar og ektefelle hentast frå oversikta og førast i post 2.1.3, 2.7.7. eller 2.7.8. Ektefellen må sjølv føre beløpa i sjølvmeldinga si.

2.7.10 eller 2.7.11 Tillegg i alminneleg inntekt

Om utrekning av tillegg i alminneleg inntekt av utdeling frå DLS til deltakar, sjå rettleiinga til deltakaroppgåvene for deltakarlikna selskap, RF-1222 post 1143 og RF-1288 post 201-216. Dersom oversikta over fordeling av formue og inntekt mellom ektefellar er fylt ut i deltakaroppgåva, skal beløpet for deltakar og ektefelle hentast frå høvesvis post 1243 og post 1244 og førast i sjølvmeldinga.

3.1.12 eller 3.3.7 Gevinst/tap ved sal o.a. av part i deltakarlikna selskap

Beløpet står i post 1145 i RF-1221. Dersom inntekt og formue er fordelt mellom ektefellane, er beløpa for deltakar og ektefelle òg ført i høvesvis post 1245 og 1246. Gevinst skal førast i post 3.1.12 i sjølvmeldinga, medan tap skal førast i post 3.3.7.

4.5.4 eller 4.8.1 Del formue/gjeld i deltakarlikna selskap

Du finn beløpet i post 1101 i RF-1221. Del av positiv nettoformue skal førast i post 4.5.4 i sjølvmeldinga, medan del av negativ nettoformue skal førast i post 4.8.1. Set minusteikn framfor negativ nettoformue i post 4.8.1 dersom du leverer «Sjølvmelding for næringsdrivande» på papir. Dersom oversikta over fordeling av formue og inntekt mellom ektefellar er fylt ut i deltakaroppgåva, skal beløpet for deltakar og ektefelle hentast frå høvesvis post 1201 og 1202 og førast i sjølvmeldinga.

Til toppen

Del 4 – Viktige skjema

Nedanfor følgjer ei oversikt over skjema som er aktuelle for personleg næringsdrivande. Om du leverer på altinn.no, finn du skjema der.

Til toppen

Næringsoppgåve

Næringsdrivande har plikt til å sende inn næringsoppgåve som vedlegg til sjølvmeldinga. Dei som berre er bokføringspliktige skal levere «Næringsoppgåve 1» (RF-1175), sjå rettleiing RF-1176. Rekneskapspliktige næringsdrivande skal levere «Næringsoppgåve 2» (RF-1167), sjå rettleiing RF-1168. Andre næringsdrivande som friviljug utarbeider årsrekneskap, kan levere RF-1167 i staden for RF-1175. Biletkunstnarar som ikkje driv anna verksemd, og ikkje har rekneskapsplikt, kan bruke RF-1242, sjå rettleiing RF-1247.

Dersom du har driftsinntekter på
kr 50 000 eller lågare, kan du på visse vilkår bli friteken frå å levere næringsoppgåve, sjå del 2 over. Du treng heller ikkje å levere næringsoppgåve dersom du berre har næringsinntekt frå:

  • deltakarlikna selskap (ANS, DA, KS o.l.)
  • felles bedrift fordelt frå ektefelle
  • lott frå fiske og fangst
  • barnepass i eigen heim
Til toppen

Deltakaroppgåve

Deltakarar i deltakarlikna selskap (ANS, DA, KS o.l.) mottek kopi av deltakaroppgåve (RF-1233) frå selskapet og leverer sjølv utfylt RF-1221 «Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap 2010». RF-1221 er basert på opplysningane i RF-1233. Dersom du leverer sjølvmeldinga elektronisk, må du sjølv opprette deltakaroppgåva RF-1221 som vedleggsskjema til sjølvmeldinga og registrere opplysningane frå deltakaroppgåva. Leverer du sjølvmeldinga på papir, skriv du under deltakaroppgåva RF-1221 og sender den inn som vedlegg til sjølvmeldinga. Sjå til at deltakaroppgåva er korrekt utfylt.

RF-1013 «Kostpris for landbrukseigedom 2010»

Tilhøyrande rettleiing RF-1014.

RF-1016 «Formue av skogseigedom 2010»

Sjå rettleiinga (RF-1017) om kva for skogeigarar som skal levere RF-1016 for 2010.

RF-1022 «Lønns- og pensjonskostnader 2010»

Dersom føretaket ditt har betalt ut lønn eller andre ytingar, skal du levere lønns- og trekkoppgåver. Du pliktar då å sende inn kontrolloppstilling (RF-1022) saman med sjølvmeldinga.

RF-1034 «Fordeling av inntekt og formue mellom kommunar 2010»

I dette skjemaet gjev du framlegg til fordeling av formue og inntekt mellom kommunane.

RF-1052 «Avstemming av eigenkapital 2010.»

Leverer du RF-1167, skal du òg levere RF-1052.

RF-1053 «Frådrag i skatt for forsking og utvikling 2010)»

Krev du frådrag i skatt for kostnader til godkjende forskings- og utviklingsprosjekt, må du levere RF-1053. Dette skjemaet skal underskrivast av revisor. Du finn rettleiinga på skjemaet.

RF-1084 «Avskriving 2010»

Skjemaet spesifiserer nærare avskrivingane i næringsoppgåva. Står det att positiv eller negativ saldo i saldogruppe a, c eller d i åra etter at verksemda er avslutta, overfører du inntekta eller frådraget direkte frå RF-1084 til sjølvmeldinga. Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1270.

RF-1098 «Formue av næringseigedom 2010»

Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1099.

RF-1109 «Uttak frå norsk område for skattlegging 2010»

Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1110.

RF-1122 «Overnattings- og serveringsstad 2010»

RF-1125 «Bruk av bil 2010»

Du skal levere skjemaet dersom du krev frådrag for eigne eller leasa bilar. Rettleiinga står på baksida av skjemaet.

RF-1147 «Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag 2010»

Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1148.

RF-1149 «Næringsinntekt skattlagd i utlandet 2010»

Rettleiinga finn du på side 2 i skjemaet.

RF-1150 «Nedsetjing av inntektsskatt på lønn 2010»

I nokre tilfelle kan dette skjemaet vere aktuelt dersom du har motteke lønn eller pensjon frå kjelder i utlandet. Du finn ei nærare forklaring av dette på side 2 i skjemaet.

RF-1177 «Landbruk 2010»

Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1178.

RF-1213 «Fiske 2010»

Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1214.

RF-1217 «Forskjellar mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar 2010»

Skjemaet er berre aktuelt for dei som leverer RF-1167. Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1218.

RF-1219 «Gevinst- og tapskonto 2010»

Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1210.

RF-1221 «Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap 2010»

Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1222.

RF-1223 «Drosje- og lastebilnæring 2010»

Dersom du har bevilling for persontransport utanfor rute eller driv lastebilnæring, skal du levere RF-1223.

RF-1224 «Personinntekt frå enkeltpersonføretak 2010»

Dersom du leverer næringsoppgåve, skal du òg levere RF-1224. Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1225.

RF-1269 «Foretak som bruker IFRS eller forenklet IFRS 2010» 

Til toppen

Meir informasjon

Rettleiingar:

  • Rettleiing til postane
  • Rettledning for utenlandske arbeidstakere og selvstendige næringsdrivende

Brosjyrar med informasjon til utanlandske arbeidstakarar med opphald i Noreg:

  • Informasjon til utenlandske arbeidstakere: Selvangivelsen 2010
  • Informasjon til utenlandske arbeidstakere: Pendlerfradrag
  • Informasjon til utenlandske arbeidstakere: Standardfradrag

Andre aktuelle brosjyrar:

  • Familiebarnehager og skatt
  • Frådrag for arbeidsreiser – reiser mellom heim og fast arbeidsplass
  • Lønnsarbeid i heimen – enklare og billegare
  • Pendlere, bosted, skatteforhold
  • Sal o.a. av fast eigedom
  • Skatt ved utleie av bolig
  • Skatteregler ved barnepass for foreldre, dagmammaer og praktikanter
  • Ungdom – arbeid og skatt

Anna:

  • Avgift på arv og gaver
  • Hjelpeprogram Enkel skatteberegning 2010 på skatteetaten.no/skatteberegning
  • Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgåver

Du finn dette og meir informasjon på skatteetaten.no eller ved å henvende deg til skattekontoret.

Til toppen

Slik endrar du sjølvmeldinga på papir

Det som står i den sjølvmeldinga du leverer, er grunnlaget for kva du skal betale i skatt. Du er sjølv ansvarleg for at desse opplysningane er rette. Ta deg difor tid til å kontrollere at opplysningane er rette og fullstendige.

Dei fleste førehandsutfylte opplysningane i sjølvmeldinga er henta frå årsoppgåver frå arbeidsgjevar, bankar, NAV, barnehage o.a. Dersom desse inneheld feil, må du rette beløpa i sjølvmeldinga. Dersom du ikkje tidlegare har bede den du har fått oppgåve frå om å sende inn rettingar til oppgåva, må du gjere det no.

Dersom det ikkje er nokon eigen post i sjølvmeldinga for beløp som skal gjevast opp, fører du beløpa i feltet «Beløp som ikkje er fylt ut på førehand, fører du her». Før opp nummeret på posten. Det finn du i «Rettleiing til postane», sjå i den alfabetiske innhaldslista eller postomtalen. Dersom du ikkje finn nummeret, kan du i staden skrive tydeleg kva beløpet gjeld.

Nye eller endra frådrags- og gjeldsbeløp fører du opp med minusteikn, inntekts- og formuesbeløp utan forteikn. Beløpa skal gjevast opp i heile kroner. Dersom du rettar førehandsutfylte beløp, skal inntekts- og frådragsbeløp førast i den første rettekolonnen, og formues- og gjeldsbeløp i den andre. Næringsdrivande vil få tilsendt førehandsutfylt sjølvmelding med opplysningar som Skatteetaten har motteke frå arbeidsgjevarar, bankar, forsikringsselskap, motorvognregisteret, barnehagar o.a. I tillegg vil næringsdrivande motta ei eiga side med næringspostar der dei mest brukte postane for næringsdrivande er lista opp.

Postar som den næringsdrivande ikkje finn der, må førast i feltet «Beløp som ikkje er fylt ut på førehand, fører du  her», eller på eit eige vedleggsark.

Hugs underskrifta når du leverer sjølvmeldinga på papir.

Send sjølvmeldinga til den adressa som er oppgjeven på den.

Kari driv butikk som enkeltpersonføretak i leigde lokaler. Ho tok over butikkdrifta etter mor si 1. januar 2010. I tillegg eig ho eit mindre jordbruk der det blir dyrka korn. Sidan Kari driv både butikk og jordbruk, må ho levere felles «Næringsoppgåve 1» (RF-1175). Sidan ho driv jordbruk, må ho òg levere tilleggsskjemaet «Landbruk» (RF-1177). Ho må levere to eksemplar av skjemaet for utrekning av personinntekt (RF-1224), ettersom ho i utgangspunktet skal levere eitt skjema for kvar næring. Om overføring frå desse skjema til sjølvmeldinga. 

Kari eig einebustad bygd 1980. Hausten 2010 melde Kari inn opplysningar om bustaden, m.a. storleiken på arealet. Da målte Kari arealet til å vere 160 m². Ho har føreteke kontrollmåling i ettertid, og det viser seg at arealet er 5 m² mindre. Kari rettar arealopplysninga ved å stryke 160 m² og oppgir 155 m² i rettekolonne. (1)

Når Kari endrar opplysningen om storleiken på arealet, vert det førehandsutfylte beløpet i post 4.3.2 på kr 484 000 ikkje rett. Ved å gå inn på skatteetaten.no kan Kari få oppgjeve den nye likningsverdien ved å nytte bustadkalkulatoren. Det er likevel ikkje naudsynt for Kari å endre beløpet, da skattekontoret vil rekne ut ny likningsverdi basert på den nye arealopplysninga.

Avstanden mellom Kari sin butikk og bustaden hennar er 25 km. Ho fyller difor ut «Spesifikasjon av reisefrådrag» der ho reknar ut frådraget. Nettobeløpet fører ho i postane 3.2.8/3.2.9. (2)

Ein bil som vart kjøpt i 2004 er teken inn som driftsmiddel i næringa i 2010. Ho må da stryke det førehandsutfylte beløpet i post 4.2.5 (3) og føre bilen sin formuesverdi i post 4.4.1. (4)

Då Kari tok over butikkdrifta, lånte ho kr 150 000 av mor si, Petra Nordmann. For dette har ho betalt kr 8 000 i renter. Sidan desse beløpa ikkje er førehandsutfylte, fører ho dei i feltet: «Beløp som ikkje er fylt ut på førehand, fører du her». (5) Sidan det er gjeldsrenter og gjeldsfrådrag, fører ho beløpa med minusteikn framfor og skriv postnummera 3.3.1 og 4.8.1.

Næringsinntekta frå butikkdrifta (kr 250 000) og frå jordbruket (kr 60 000) fører ho i høvesvis post 2.7.6 (6) og 2.7.1. (7) Personinntekta reknar ho ut individuelt for kvar næring. Kari fyller difor ut to eksemplar av skjemaet RF-1224. Positiv utrekna personinntekt frå butikkdrift (kr 210 000) fører ho i post 1.6.2 (8) og positiv utrekna personinntekt frå jordbruk (kr 45 000) fører ho i post 1.6.1. (9)

Sidan Kari driv jordbruk, skal ho òg fylle ut tilleggsskjemaet «Landbruk» (RF-1177), som vedlegg til næringsoppgåva. På skjemaet reknar ho òg ut jordbruksfrådraget (kr 56 056). Dette beløpet fører ho i post 3.2.15. (10)

Kari fører nedskriven verdi på bilen (kr 100 000) i post 4.4.1. (4)

Til toppen

Slik leverer du sjølvmeldinga elektronisk

Pålogging

Gå til altinn.no. Vel «Logg inn». Bruk eit av påloggingsalternativa som visast.

(1) Sjølvmeldinga er tilgjengeleg på Min meldingsboks > Til mi handsaming etter innlogging. Klikk på «RF-1030 Sjølvmelding for næringsdrivande o.a. 2010» for å opne den.

Levere sjølvmelding utan næringsoppgåve

(2) Første gongen du loggar deg på sjølvmeldinga for næringsdrivande på Internett får du spørsmål om du skal levere sjølvmelding med eller utan næringsoppgåve.

Du kan levere sjølvmelding utan næringsoppgåve dersom:

  • du berre er deltakar i ansvarleg selskap
  • du har ein del av inntekta/personinntekta di frå felles næringsverksemd
  • du har driftsinntekter som ikkje overstig kr 50 000, les meir om vilkåra i del 2 over

Før du kan halde fram må du ta stilling til om du kan levere sjølvmeldinga for næringsdrivande utan næringsoppgåve.

Dersom du ikkje har drive næringsverksemd i 2010, skal du levere sjølvmelding for næringsdrivande utan å fylle ut næringsoppgåva.

(3) Om du har valt feil, kan du hente fram «Næringsoppgåve 1» (RF-1175) ved å gå til arkfana «Vedlegg» og velje «Eg ønskjer å legge til RF-1175 Næringsoppgåve 1».

(4) Her vel du om du skal ha med vedlegg.

(5) Du fyller inn dei nødvendige opplysningane som visast.

Om du har valt feil, kan du hente fram «Næringsoppgåve 1» (RF-1175) ved å gå til arkfanen «Vedlegg» og velje «Eg ønskjer å legge til RF-1175 Næringsoppgåve 1».

Til toppen

Korleis få hjelp i den elektroniske leveringstenesta:

(A) Bruk «Gå direkte til post» når du veit nummeret på posten og vil gå direkte dit.

(B) Du kan gå til «Søk i rettleiinga» for å finne fleire opplysningar om ein post eller eit tema.

(C) Les «Rettleiing til postane».

(D) Lær meir om korleis du brukar nettløysinga. Her finn du òg tilvising til brukarstøtte.

(E) Til alle postane i sjølvmeldinga er det knytt hjelpetekstar. Klikk på ?-knappen for å sjå hjelpeteksten.

Kontroll og endring av førehandsutfylt sjølvmelding

Vi ber deg om å gå nøye gjennom dei førehandsutfylte opplysningane, og eventuelt endre dei og/eller leggje til nye opplysningar om dine personlege tilhøve.

Steg for steg

(1) Alle postane i sjølvmeldinga er sorterte i hovudpostar.

(2) Slik ser det ut når du har endra ein post. Det opphavleg beløpet er stroke over, og det nye beløpet ligg i kolonnen «Retta til».

(3) For å endre ein hovudpost, klikk på «Endre» eller namnet på hovudposten.

(4) Her er postane dine med førehandsutfylte verdiar som høyrer til denne hovudposten.

(5) For å endre beløp eller slette ein post brukar du desse lenkjene.

(6) Bruk nedtrekkslista for å leggje til nye postar.

Korleis velje annan type næringsoppgåve

  • Klikk på «Skjema og tenester» og «Skjemakatalog»
  • Skriv inn RF-1030 i søkjefeltet og klikk «Søk»
  • Klikk på «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.»
  • Klikk på «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.» under overskrifta «Her finn du skjemaet»
  • Klikk på nytt skjema
  • I biletet som kjem opp vel du om du vil levere
    • RF-1167 Næringsoppgåve 2
    • RF-1242 Næringsoppgåve for biletkunstnarar
  • Klikk «Fortsett»

Er du ny næringsdrivande i år, går du fram på same måten for å finne «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.» og næringsoppgåva.

Slik fyller du ut opplysningar om næringstilhøve

For å leggje inn dine næringstilhøve skal du fylle ut og levere næringsoppgåva og andre vedleggsskjema. Når desse er fylte ut, blir næringstilhøva automatisk overført til sjølvmeldinga.

(1) Klikk på arkfana «Næringsoppgåve 1 (RF-1175)» for å starte utfylling av næringsopplysningane dine. Næringsoppgåva er delt inn i arbeidssteg med tilhøyrande hovudpostar. Start med å spesifisere resultat, deretter balanse og til sist avsluttande utrekningar.

(2) For å endre ein hovudpost, klikk på «Endre» eller namnet på hovudposten.

(3) Sida for hovudpost inneheld alle postane i denne gruppa. Dei mest brukte postane er henta fram på førehand. Andre postar finn du i nedtrekkslista. Når du vel posten i nedtrekkslista, fyller du ut beløp og legg det til postlista.

(4) Dersom ein post krev nærare spesifisering, vil sida for utrekningsgrunnlaget opne seg eller du blir bed om opne eit vedleggsskjema. Fyll ut utrekningsgrunnlaget eller vedleggsskjemaet og klikk på «Lagre/Gå tilbake».

Dersom du har fylt ut eit vedleggsskjema, vil ei eiga side for verdioverføring kome opp. Den inneheld informasjon om kva verdiar som blir overførte til kva postar i næringsoppgåva.

(5) Når du er ferdig med å fylle ut postane i hovudposten, klikkar du på «Lagre/Tilbake til oversikta» for å starte utfyllinga av neste hovudpost. Hovudposten i oversiktssida vil vise oppdaterte tal.

(6) Her blir næringsinntekta fordelt og personinntekta rekna ut. Du må òg spesifisere årsresultatet og stemme av eigenkapitalen. Når dette er gjort, endrar statusikona seg frå ! til ✓.

(7) Når du er ferdig med å fylle ut næringstilhøva dine, kan du klikke på denne lenkja for å få opp ei oversiktsside som viser alle postane som blir overførte automatisk frå næringsoppgåva til sjølvmeldinga på grunnlag av det du har fylt ut.   

(8) Arkfana «Vedlegg» viser ei oversikt over dei vedleggsskjemaa du har lagt til sjølvmeldinga og næringsoppgåva. Du kan òg leggje til nye, endre eller slette vedlegg. I tillegg kan du leggje ved filvedlegg som Word, Excel, PDF osv.

(9)Klikk på «Start innsending» når du er ferdig med å fylle ut sjølvmeldinga, næringsoppgåva og tilhøyrande vedleggsskjema.

Kontroll og innsending

Etter at du har klikka på «Start innsending» vil sjølvmeldinga med vedleggskjema blir kontrollert.

Eventuelle feil blir vist på ei eiga feilside med forklaringar og lenkjer til posten/skjemaet der feil har oppstått.
Rett opp feila slik at sjølvmeldinga og vedlegga er feilfrie.

Klikk deretter på «Start innsending» og «Signer og send inn». Du får opp ei kvitteringsside som kan skrivast ut. Frå denne sida kan du òg ta utskrift av skjemaa. Kvitteringssida viser òg nøkkeltal frå den innsende sjølvmeldinga. Sjølvmeldinga med tilhøyrande vedleggsskjema blir lagra under Min meldingsboks>Arkivert.

Dersom du vil sende inn sjølvmeldinga ein gong til, kan du kopiere den frå arkivet. Etter at du har gjort rettingar sender du inn sjølvmeldinga på nytt.

Til toppen