Del 1 – Sjølvmeldinga – levering, fristar o.l.
Om førehandsutfylt sjølvmelding
Sjekkliste
Sjølvmeldingstypar
Skatteplikt til fleire kommunar
Leveringsfrist
Nytt i år
Dokumentasjonskrav
For seint levert sjølvmelding
Ikkje levert sjølvmelding
Varsel om endring
Uriktige eller ufullstendige opplysningar
Skatteutrekning
Restskatt
Tilleggsforskot
Pengar til gode
Klage på skatteavrekninga
Klage på likninga
Ektefellar
Del 2 - Fritak frå levering av næringsoppgåve
Vilkår for fritak
Unntak
Felt i sjølvmeldinga
Del 3 - Postar som berre gjeld næringsdrivande
Enkeltpersonføretak
Deltakar i deltakarlikna selskap (ANS, DA, KS o.l.)
Del 4 – Viktige skjema
Meir informasjon
Brosjyrar om skatt
Anna
Slik endrar du sjølvmeldinga på papir
Korleis levere sjølvmeldinga på Internett
«Rettleiing til postane» vart send til alle husstandar i mars–april. Du kan kome til å trenge denne når du skal kontrollere/endre sjølvmeldinga.
Sjølvmeldingane er førehandsutfylte med opplysningar som Skatteetaten har frå eigne register eller har motteke frå bankar, finansinstitusjonar, andre offentlege etatar og arbeidsgjevarar. Det er viktig at du går nøye gjennom og kontrollerer dei førehandsutfylte opplysningane. Det er ditt ansvar å sjå til at opplysningane er riktige og fullstendige. Eventuelle feil endrar du i kolonnen «Retta til» ved å endre beløpet. Dersom du har andre opplysningar som har noko å seie for likninga, må du gje desse opplysningane i sjølvmeldinga.
Opplysningar knytte til næringsverksemd skal førast på ei eiga side i sjølvmeldinga (gjeld papirlevering).
Næringsdrivande skal vanlegvis levere næringsoppgåve (sjå omtalen av RF-1175) og personinntektsskjema. Kva slags næringsverksemd du driv avgjer kva for andre skjema som er naudsynte for at du skal få levert ei komplett sjølvmelding.
Dersom du endrar lønn og pensjon, kan slike endringar føre til endra minstefrådrag. Du treng ikkje å endre minstefrådraget sjølv. Skatteetaten vil endre det automatisk.
For å unngå å betale for mykje skatt, må du hugse alle frådrag du har krav på.
Dersom du har krav på foreldrefrådrag, ver merksam på at eit eventuelt førehandsutfylt beløp kan vere for lågt fordi det berre er offentleg organiserte skulefritidsordningar og offentleg eigde barnehagar som har plikt til å sende inn oppgåver til Skatteetaten.
Dersom du har skifta arbeidsplass/forretningsstad eller bustad i løpet av året, kan eit eventuelt førehandsutfylt reisefrådrag vere feil.
Er du einsleg forsørgjar, har du krav på klasse 2, sjå temaet «Foreldre og barn» i «Rettleiing til postane».
Til toppen
Du kan lese meir om postane under «Rettleiing til postane».
Det kan vere aktuelt å gjere endringar eller tillegg i sjølvmeldinga dersom du i 2009 m.a. har hatt:
Aksjar
Utbytte, kjøp eller sal av aksjar/eigenkapitalbevis
Postane 3.1.5, 3.1.7, 3.1.8, 3.1.10, 3.1.12, 3.3.8, 3.3.10 og 4.1.8
Barnehage/dagmamma
Utgifter til pass og stell av barn (gjeld òg kostnader til transport)
Post 3.2.10
Bil og/eller båt
Kjøpt eller selt båt, bil eller campingvogn
Postane 4.2.4, 4.2.5 og 4.2.6
Bustad og/eller hytte (fritidsbustad)
Fri bruk av bustad utanfor arbeidsforhold (føderåd)
Postane 2.2.2 og 2.6.2
Fri bruk av bustad utanfor arbeidsforhold
Post 3.1.12
Kjøp eller sal
Postane 2.8.4 (skattepliktig gevinst) og 3.3.6 (frådragsgodkjent tap)
Utleige bustad/fritidsbustad
Postane 2.8.2 og 3.3.12
Utleige av hytte du nyttar sjølv (fritidsbustad)
Post 2.8.3
Festa (bygsla/leigd) tomt
Sjå temaet «Festetomter til bustad- og fritidshus» i « Rettleiing til postane»
Lån til/frå private
Lånt pengar til eller frå familie og vener
Postane 3.1.2, 3.3.1, 4.1.6 og 4.8.1
Næringsinntekt/-underskot
Postane 2.7 og 3.2.19
Pendlarkostnader
Budd utanfor heimen på grunn av arbeidet
Postane 3.2.7 og 3.2.9
Renteinntekt – ekstraskattlegging
Post 3.1.3
Reiseutgifter heim–arbeid/besøksreiser
Reisefrådrag på meir enn kr 13 700
Postane 3.2.8/3.2.9
Sjukdomsutgifter
Utgifter på minst kr 9 180 som følgje av varig sjukdom/veikskap
Post 3.5.4
Underhaldsbidrag
Motteke frå eller betalt til fråseparert eller tidlegare ektefelle
Postane 2.6.1 og 3.3.3
Underskot
Underskot frå tidlegare år som kan førast til frådrag i 2009
Post 3.3.11
Utland – formue og inntekt
Postane 1.5.6, 3.1.11, 3.3.2, 4.1.9, 4.6.1, 4.6.2 og 4.8.3
Til toppen
Personlege skattytarar får anten tilsendt:
- «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» eller
- «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.»
Dersom du har motteke «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.», skal den anten leverast elektronisk eller på papir. Dette gjeld òg i dei tilfelle der verksemda har opphøyrt. Du kan lese meir om levering av sjølvmeldinga i «Rettleiing til postane» post 2.7.
Til toppen
Dersom du er skattepliktig til fleire kommunar skal du likevel berre levere sjølvmeldinga til eitt skattekontor.
Til toppen
Frist for å levere sjølvmeldinga er 31. mai dersom du leverer elektronisk. Leverer du på papir, er fristen 30. april. Har du i 2009 vore deltakar i eit deltakarlikna selskap som sender inn selskapsoppgåva elektronisk, har du frist til 31. mai.
Du kan søkje om utsett leveringsfrist dersom det er svært vanskeleg for deg å levere innan fristen, t.d. på grunn av sjukdom. Søk etter «RF-1114» for meir informasjon om utsetjing.
Til toppen
-
Du må sjølv tinge nye PIN-kodar ved behov
Det er ikkje sendt ut nye PIN-kodar i samband med årets sjølvmelding, men du finn PIN-kodane i brevet som du fekk frå Skatteetaten i desember 2008. Dersom du ikkje finn brevet, eller treng fleire PIN-kodar, kan du tinge nye på skatteetaten.no/pin eller sende SMS: Skriv PINKODER <mellomrom> fødselsnummer (11 siffer) og send til 02111. PIN-kodane blir sende i brev til den adressa du er registrert på i Folkeregisteret.
-
Du kan levere sjølvmeldinga på altinn.no frå tidlegast 23. mars.
-
Aksjar og partar ved utflytting
Du skal levere skjemaet «Gevinst og tap på aksjar og partar o.l. ved utflytting i 2009» (RF-1141) dersom du eig aksjar, partar o.l., og i løpet av året har fått skattemessig bustad i utlandet. Skjemaet finst ikkje elektronisk på altinn.no, men du kan skrive det ut frå skatteetaten.no, eller få det hjå skattekontoret.
- Næringsdrivande med brutto driftsinntekter som ikkje overstig kr 50 000 vil normalt vere fritekne frå levering av næringsoppgåve.
Du kan lese meir om vilkåra i del 2.
Til toppen
Saman med sjølvmeldinga skal du alltid sende inn:
- legeattest når du krev særfrådrag på grunn av store sjukdomskostnader. Dersom du tidlegare har lagt fram legeattest der det går fram at sjukdomen er kronisk, treng du likevel ikkje leggje fram ny legeattest
- legeattest/attest frå barnevern som stadfestar særleg behov for omsorg og pleie av barn som er eldre enn 11 år, sjå omtale av post 3.2.10 i «Rettleiing til postane»
- dokumentasjon for gjeldsrenter i utlandet
- dokumentasjon for betalt skatt i utlandet dersom du krev kreditfrådrag eller inntektsfrådrag
- dokumentasjon viss du til saman har hatt meir enn kr 100 000 i skattefrie lotterigevinstar o.l.
Annan dokumentasjon skal berre sendast inn dersom skattekontoret ber om det. Ver likevel merksam på at du kan bli beden om dokumentasjon òg etter at du har motteke skatteoppgjeret. Ta difor vare på dokumentasjonen. Dersom du leverer sjølvmeldinga på internett, kan du levere dokumentasjon anten på papir eller som elektroniske vedlegg til skattekontoret innan sjølvmeldingsfristen. Hugs å merkje vedlegga med namn og fødselsnummer.
Til toppen
I utgangspunktet får du forseinkingsavgift dersom du leverer sjølvmeldinga etter fristen:
- ved levering innan éin månad etter fristen er avgifta 1 promille av nettoformuen og 2 promille av nettoinntekta
- ved levering meir enn éin månad etter fristen er avgifta 1 promille av nettoformuen og 1 prosent av nettoinntekta
- ved levering etter fristen, men før skattelistene blir lagde ut, er avgifta 1 promille av nettoformuen og 2 prosent av nettoinntekta
Til toppen
Dersom du ikkje leverer sjølvmeldinga før skattelistene blir lagde ut i oktober, blir sjølvmeldinga rekna som «ikkje levert». Då skal formue og inntekt fastsetjast ved skjønn, og du kan bli pålagt tilleggsskatt. Bruk av tilleggsskatt i desse tilfella kan føre til at skatten vil utgjere inntil 60 prosent meir enn utan tilleggsskatt. Du kan heller ikkje krevje å få handsama ei eventuell klage.
Til toppen
Skattekontoret kan endre beløp som du har ført i sjølvmeldinga. Hovudregelen er at du får varsel dersom det er aktuelt å gjere endringar. Skattekontoret treng ikkje varsle deg for å:
- forhøgje bruttoformue og/eller redusere gjeld som til saman ikkje utgjer meir enn kr 20 000
- forhøgje inntekt og/eller redusere frådrag som til saman ikkje utgjer meir enn kr 1 000
- stryke ein post som ikkje er frådragsgodkjend, når du tidlegare har fått stroke ein tilsvarande post
- endre ein skjønnsmessig fastsett formues- eller inntektspost når tilsvarande endring er gjort ved ei tidlegare likning
- endre, utelate eller leggje til beløp som det er klart skuldast rekne-/skrivefeil eller mistyding av skattelovgjevinga, og ei eventuell fråsegn frå deg ikkje vil ha noko å seie for likninga
Til toppen
Gjev du uriktige eller ufullstendige opplysningar, må du vanlegvis betale tilleggsskatt.
Tilleggsskatten er 30 prosent av den skatten som er eller kunne ha vore unndregen. I alvorlege tilfelle kan det i tillegg påleggjast ein skjerpa tilleggsskatt med 15 eller 30 prosent. Den totale tilleggsskatten blir då 45 eller
60 prosent.
Til toppen
På skatteetaten.no finn du eit enkelt skatteutrekningsprogram.
Til toppen
På restskatt er det rekna eit rentetillegg. Restskatt (med rentetillegg) på kr 99 eller lågare blir ikkje kravd inn.
Pensjonistar og trygda som får skatteavgrensing på grunn av låg inntekt, slepp rentetillegg på restskatt. Om skatteavgrensing, sjå temaet «Skatteavgrensing» i «Rettleiing til postane».
Du får nærmare opplysningar om renteutrekninga og rentesatsane i skatteoppgjøret ved å kontakte skatteoppkrevjaren, Skatteopplysninga (SOL) eller ved å gå inn på skatteetaten.no.
Til toppen
Vil du unngå renter på restskatten, kan du betale tilleggsforskot innan 31. mai 2010. Tilleggsforskot som er betalt etter 31. mai, blir det ikkje teke omsyn til ved skatteavrekninga.
For betaling av tilleggsforskot kan du nytte innbetalingsblanketten som du fekk saman med sjølvmeldinga.
Til toppen
Har du pengar til gode på skatten, kan du få beløpet inn på bankkonto.
På tilgodebeløp er det rekna rentegodtgjersle. Tilgodebeløp (med rentegodtgjersle) på kr 99 eller lågare blir ikkje tilbakebetalt.
Opplysningar om renteutrekninga og rentesatsane i skatteoppgjøret får du ved å kontakte skatteoppkrevjaren, Skatteopplysninga (SOL) eller ved å gå inn på skatteetaten.no.
Til toppen
Klage på skatteavrekninga skal sendast til skatteoppkrevjaren innan tre veker etter at vedtaket har kome fram.
Til toppen
Klagefristen er tre veker frå likninga di blir lagt ut. Skatteoppgjeret kjem i oktober 2010.
Klagen leverast elektronisk (søk etter RF-1117) eller på papir til skattekontoret.
Til toppen
Ektefellar som vel å fordele bankinnskot, renteinntekter, gjeld og gjeldsrenter annleis enn det som går fram av dei førehandsutfylte sjølvmeldingane, må sjå til at begge sjølvmeldingar blir retta. Sjå òg tema «Ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar» i «Rettleiing til postane».
Til toppen
Frå og med inntektsåret 2009 er ein del personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) fritekne frå å levere næringsoppgåve. Dei som kjem inn under ordninga kan framleis velje å levere næringsoppgåve.
Dersom du er friteken frå å levere næringsoppgåve, har du heller ikkje bokføringsplikt. Du må likevel dokumentere alle inntektene og kostnadene dine. Denne dokumentasjonen må du ta vare på i 10 år.
Til toppen
- brutto driftsinntekt for året må ikkje overstige kr 50 000
- du må være skattemessig busett i Noreg
- føretaket ditt må ikkje ha regneskapsplikt, jf. lov av 17.07.1998 nr. 56 (regneskapslova) § 1-2
- føretaket ditt må ikkje vere registreringspliktig, jf. lov av 19.6.69 nr. 66 (meirverdiavgiftslova) § 27 flg.
Til toppen
Følgjande typar verksemd kjem ikkje inn under ordninga og må levere skjema RF-1175 og RF-1177:
- reindrift
- jordbruk/gartneri
- skiferproduksjon i Finnmark og Nord-Troms dersom du krev skiferfrådrag, sjå post 3.2.17 og RF-1177
- skogbruk som har årsresultat som skal inngå i gjennomsnittslikning
Du kan heller ikkje nytte ordninga dersom du:
- krev næringsinntekta fordelt med ektefelle o.l.
- har drive meir enn ei verksemd i løpet av året
- har drive verksemd som er skattepliktig til meir enn ein kommune
- krev frådrag i skatt for kostnader til forsking og utvikling
Ordninga kan ikkje nyttast dersom du har plikt til å levere:
- RF-1122 «Tilleggsskjema for overnattings- og serveringsstader som serverer øl, vin og brennevin»
- RF-1223 «Tilleggsskjema for drosje- og lastebilnæringa o.l.»
- RF-1189 «Årsoppgjer for utleige o.l. av fast eigedom» saman med RF-1084 «Avskrivingsskjema» som både gjeld næringsverksemd og den utleigde eigedomen.
Til toppen
Sum driftsinntekter
Her fører du alle driftsinntektene dine. Feltet tilsvarer post 9900 i næringsoppgåva. Dersom du i RF-1084 «Avskrivingsskjema» inntektsfører negativ saldo for driftsmidlar i næringsverksemd, tek du med denne inntekta i driftsinntektene og leverer RF-1084 som vedlegg til sjølvmeldinga. Dersom du fører inntekt knytt til driftsmidlar i næringsverksemd i RF-1219 «Gevinst- og tapskonto» post 15a, tek du med denne inntekta i driftsinntektene og leverer RF‑1219 som vedlegg til sjølvmeldinga.
Sum driftskostnader
Her fører du dei totale frådragsgodkjende driftskostnadene dine. Feltet tilsvarer post9910 i næringsoppgåva. Dersom du krev avskriving for driftsmidlar som inngår i næringsverksemda, tek du med avskrivinga i driftskostnadene og leverer
RF-1084 «Avskrivingsskjema» som vedlegg til sjølvmeldinga. Dersom du krev inntektsfrådrag knytt til driftsmidlar i næringsverksemd i RF-1219 «Gevinst- og tapskonto» post 15b, tek du med dette inntektsfrådraget i driftskostnadene og leverer RF‑1219 som vedlegg til sjølvmeldinga.
Driftsresultatet
Driftsresultatet fører du i post 2.7 i sjølvmeldinga.
Utrekna personinntekt
Dersom du nyttar deg av leveringsfritaket, er levering av RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt» frivillig. Dersom du ikkje leverer skjemaet, blir beløpet i feltet «Driftsresultat» lagt til grunn for utrekna personinntekt.
Ønskjer du å rekne ut personinntekta i RF-1224, skal du levere skjemaet saman med sjølvmeldinga. Du bør levere RF-1224 dersom du har negativ utrekna personinntekt, anten frå det aktuelle inntektsåret, eller til framføring.
Til toppen
Dersom du har inntekt frå enkeltpersonføretak (sjølvstendig næringsdrivande), inngår den i alminneleg inntekt. Av alminneleg inntekt betalar du skatt til kommunen og fylkeskommunen, og dessutan fellesskatt til staten. Av denne inntekta blir det òg rekna ut personinntekt, som er grunnlaget for utrekning av trygdeavgift og toppskatt. Som næringsdrivande har du plikt til å levere næringsoppgåve og skjema for utrekning av personinntekt. Næringsdrivande med driftsinntekter som ikkje overstig kr 50 000, vil normalt vere fritekne frå å levere næringsoppgåve og skjema for utrekning av personinntekt.
1.5.8 Krev du frådrag i skatt for kostnader til godkjende forskings- og utviklingsprosjekt?
Reglane er skildra i RF-1053 (sjå skjemaoversikta i del 4).
1.5.9 Kraftverkseigarar
Ubrukt naturressursskatt frå tidlegare år medrekna renter står i skatteoppgjeret for 2008 og skal gå fram av post 1.5.9.
1.5.10 Felles bedrift
Ektefellar som har fordelt næringsinntekt/utrekna personinntekt frå felles bedrift, skal krysse av i denne posten. Fordelt næringsinntekt skal førast i post 2.7 og fordelt utrekna personinntekt i post 1.6. Fordelinga skal gjerast i næringsoppgåva og i skjema for utrekning av personinntekt. Den ektefellen som er hovudutøvaren sender inn næringsoppgåve og «Skjema for utrekning av personinntekt» som vedlegg til sjølvmeldinga si. Om fordeling, sjå rettleiing RF-1176 (omtalen av postane 0401-0403), eller rettleiing RF-1168 (omtalen av post 0999).
1.6.1 eller 1.6.2 Positiv personinntekt frå enkeltpersonføretak og mannskapslott frå fiske og fangst
Som næringsdrivande har du plikt til å levereRF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt». Dette gjeld ikkje næringsdrivande som er fritekne frå å levere næringsoppgåve, sjå del 2 over. Om utrekning av personinntekt, sjå rettleiinga RF-1225.
Negativ utrekna personinntekt skal ikkje overførast frå RF-1224 til sjølvmeldinga, men kan framførast til frådrag i personinntekta for seinare år.
Positiv inntekt frå post 117 i RF-1213 «Oppgåve for utrekning av næringsinntekt for lottfiskarar og særskilt frådrag innanfor fiske og fangst 2009» skal førast i post 1.6.1 i sjølvmeldinga.
Dersom du har slutta å drive enkeltpersonføretak (avslutta sjølvstendig næringsverksemd), men det står att saldo på RF-1219 eller negativ saldo på RF-1084 etter næringsverksemda, skal du føre den skattepliktige delen som personinntekt i post 1.6.1 eller 1.6.2, sjølv om det ikkje er levert næringsoppgåve og personinntektsskjema (RF-1224), sjå skjemaoversikten i del 4. Beløpet frå post 15a i RF-1219 og/eller positiv inntekt frå post 110 i RF-1084, skal førast over til post 3.1.12 og 1.6.2 i sjølvmeldinga.
Dersom gevinsten stammar frå jordbruk, skogbruk, fiske, reindrift og pelsdyrnæring, skal den førast i post 3.1.12 og 1.6.1. Det same gjeld inntekt frå familiebarnehagar eller anna barnepass i eigen heim.
Har du framført negativ personinntekt frå tidlegare år for det avslutta enkeltpersonføretaket, skal denne inntekta avkorte positiv personinntekt som eventuelt er overført direkte til sjølvmeldinga frå post 15a i RF-1219 og/eller post 110 i RF-1084. Gje i så fall tilleggsopplysningar om den framførte negative personinntekta i post 5.0 (Tilleggsopplysningar) i sjølvmeldinga.
1.6.3 eller 1.6.4 Sjukepengar utbetalt til sjølvstendig næringsdrivande
Beløpet skal òg førast i post 2.7.13.
2.1.3 Familiebarnehage i eigen heim, mellom anna sjukepengar
Sjå tilsvarande post i «Rettleiing til postane».
2.7 Næringsinntekter
Det går fram av papirsjølvmeldinga kvar beløpa skal hentast frå, og kva post i sjølvmeldinga dei skal førast i.
2.7.3 Næringsinntekt frå fiske og fangst
For fiskarar som ikkje har bokføringsplikt (lottakarar) skal beløpet hentast frå post 117 i RF-1213. Har du drive fiske som enkeltpersonføretak, skal næringsinntekta hentast frå post 0402 i næringsoppgåva.
2.7.13 Sjukepengar o.a. til sjølvstendig næringsdrivande
Posten omfattar òg fødselspengar og omsorgspengar til sjølvstendig næringsdrivande ved adopsjon. Sjukepengar i kode 444 i oppgåva frå NAV skal førast i post 2.1.3 når pass av barn skjer i eigen heim.
3.2.15 Jordbruksfrådrag
Du kan krevje jordbruksfrådrag dersom visse vilkår er oppfylte. Du må då levere RF-1177. Informasjon om vilkåra og storleiken på frådraget finst i rettleiinga RF-1178.
3.2.16 Særskilt frådrag i reindriftsverksemd
Er du reineigar og har drive reindrift meir enn halvparten av inntektsåret, kan du krevje reindriftsfrådrag. Du må då levere RF-1177. Informasjon om reglane og storleiken på frådraget finst i rettleiinga RF-1178.
3.2.17 Særskilt frådrag i skiferverksemd
Driv du skiferproduksjon i Finnmark eller bestemte kommunar i Nord-Troms, kan du krevje eit særskilt frådrag. Du må då levere RF-1177. Informasjon om reglane og storleiken på frådraget finst i rettleiinga RF-1178.
3.2.18 Premie til eiga tilleggstrygd for næringsdrivande
Her fører du frivillig premie til folketrygda for eiga tilleggstrygd for sjukepengar eller yrkesskadetrygd.
3.2.19 Underskot i næringsverksemd for året
Dersom du ikkje leverer sjølvmeldinga elektronisk, må du hugse å setje minusteikn framfor beløpet. Det går fram av papirsjølvmeldinga kvar beløpa i næringsoppgåva skal førast i sjølvmeldinga. Dersom verksemda er avslutta og du har eit underskot ved drifta som ikkje blir dekt av anna inntekt, kan du krevje frådrag for dette underskotet i inntekta for 2008. Dersom underskotet ikkje blir dekt av inntekt i 2008, kan det førast til frådrag i inntekta i 2007, men ikkje lenger attende. Tilbakeføringa av underskot skal gjennomførast ved endring av likninga for dei aktuelle åra. Dersom udekt underskot ikkje kan utnyttast ved tilbakeføring, eller du ikkje ønskjer det, kan underskotet i staden trekkjast frå i framtidig inntekt, sjå post 3.3.11 i «Rettleiing til postane». I post 5.0 (Tilleggsopplysningar) i sjølvmeldinga kan du krevje å få endra likninga for 2008 og/eller 2007 dersom vilkåra er oppfylte.
3.3.11 Framførbart underskot frå tidlegare år
Om framførbart underskot generelt, sjå tilsvarande post i «Rettleiing til postane». Særregelen for tidlegare underskot knytt til våningshus på gardsbruk går fram av avsnitt VI i RF-1178.
4.3.4 Skogverdi
Skogverdien for 2009 er vanlegvis førehandsutfylt. Dersom skogverdien har endra seg vesentlig i løpet av året (t.d. pga. tilkjøp, fråsal, freding, naturskade eller liknande), må du stryke den førehandsutfylte verdien og levere skjema RF-1016 med utrekna ny verdi. Nærmare opplysningar finn du i rettleiinga RF-1017.
4.4.1 Bilar, maskiner, inventar o.a.
Her fører du bilar, inventar o.l. som er driftsmidlar i næringsverksemda. Den skattemessige nedskrivne verdien skal leggjast til grunn dersom det ikkje kan påvisast at den faktiske verdien er lågare. Bilar, innbu og annan lausøyre som ikkje er driftsmiddel, skal førast i postane 4.2.3-4.2.6.
4.4.2 Buskap
Skattedirektoratet har fastsett normalverdiar for dei fleste husdyr. Sjå takseringsreglane til Skattedirektoratet
§ 3-1-4 .
4.4.3 Varelager
Eigenproduserte varer blir verdsette til tilverknadsverdien, og innkjøpte varer blir verdsette til anskaffingsverdien.
4.4.4 Skip, fiske- og fangstfartøy o.a.
Sjå takseringsreglane til Skattedirektoratet § 2-1-5.
4.8.1 Gjeld frå næringsoppgåve som ikkje er førehandsutfylt i sjølvmeldinga
Døme på dette vil vere leverandørgjeld, forskot frå kundar, skuldig arbeidsgjevar- og meirverdiavgift, pantegjeld til tidlegare eigar ved overdraging av næring, gjeld til tilsette o.a.
Til toppen
Som deltakar i deltakarlikna selskap o.l. (DLS) treng du ikkje sende næringsoppgåve og/eller skjema for utrekning av personinntekt, dersom dette er den einaste næringsverksemda di. Deltakaren skal motta deltakaroppgåva «Deltakar si oppgåve over formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.l.) 2009» (RF-1221) frå selskapet. Sjå rettleiinga RF-1222 og «Deltakarmodellen».
Arbeidsgodtgjersle til personleg deltakar blir rekna både som alminneleg inntekt og personinntekt, sjå omtalen av postane 1.7.1 og 1.7.4 nedanfor. Arbeidsgodtgjersle inngår ikkje i verksemdsinntekta til selskapet. Deltakaren sin part av overskot frå DLS er næringsinntekt og blir skattlagt som alminneleg inntekt på deltakaren si hand. Like eins blir det gjeve frådrag i alminneleg inntekt for deltakaren sin part av selskapet sitt underskot. Utdeling frå selskapet til deltakaren er næringsinntekt, og det skal reknast ut eit tillegg til den alminnelege inntekta for deltakaren. Det er ikkje krav om aktiv deltaking for utrekning av tillegg i alminneleg inntekt. Tilbakebetaling av innbetalt eigenkapital blir ikkje rekna som utdeling frå selskapet.
1.7.1 eller 1.7.4 Arbeidsgodtgjersle frå deltakarlikna selskap
Arbeidsgodtgjersle frå DLS som driv jordbruk, skogbruk, fiske, reindrift, pelsdyrnæring eller familiebarnehage i deltakaren sin heim, skal førast i post 1.7.1. Arbeidsgodtgjersle frå anna DLS skal førast i post 1.7.4. Beløpet hentar du frå post 160 i deltakaroppgåva (RF-1221). Dersom du har motteke lønn som kommandittist må du sjå til at beløpet er ført i post 2.1 og ikkje i post 1.7.1.eller 1.7.4.
1.7.2 eller 1.7.5 Motrekning av negativt utrekna personinntekt frå enkeltpersonføretak med arbeidsgodtgjersle frå deltakarlikna selskap
Her fører du negativ personinntekt som du kan motrekne (sjå nedanfor) mot arbeidsgodtgjersle i post 1.7.1 eller 1.7.4. Om vilkåra for slik motrekning, sjå rettleiinga RF-1225 post 1.30.
Beløpet i post 1.7.2 eller 1.7.5 hentar du frå post 1.21 i RF-1224. Både den negative utrekna personinntekta for året og framførbar negativ utrekna personinntekt frå enkeltpersonføretaket frå tidlegare år kan inngå i dette beløpet. Du kan ikkje krevje frådrag for tidlegare negativ personinntekt frå aksjeselskap eller deltakarlikna selskap.
1.7.7 eller 1.7.8 Del av ektefellen si arbeidsgodtgjersle frå deltakarlikna selskap
Godtgjersle du har fått for arbeid utført i DLS der ektefellen din er ansvarleg deltakar, blir ikkje skattlagt som lønn, men som næringsinntekt. Du fører din del av arbeidsgodtgjersla i post 1.7.7 eller 1.7.8.
Dersom beløpet kjem frå selskap som driv jordbruk, skogbruk, fiske, reindrift, pelsdyrnæring eller familiebarnehage i deltakaren sin heim, fører du beløpet i post 1.7.7. I andre tilfelle fører du delen av arbeidsgodtgjersla i post 1.7.8. Dersom oversikta over fordeling av formue og inntekt mellom ektefellar er fylt ut i deltakaroppgåva, skal beløpet for deltakar og ektefelle hentast frå kolonne V i oversikta og førast i sjølvmeldinga. Ektefellen må sjølv føre beløpet i sjølvmeldinga si.
2.1.3, 2.7.7, 2.7.8 eller 3.2.19 Næringsinntekt/-underskot frå deltakarlikna selskap
Her blir beløpet henta frå post 140 i RF-1221. Dersom deltakaren har drive familiebarnehage i eigen heim, skal deltakaren sin del av overskotet førast i post 2.1.3. Har selskapet drive jordbruk, skogbruk, fiske, reindrift eller pelsdyrnæring, skal deltakaren sin del av overskotet i selskapet førast i post 2.7.7 i sjølvmeldinga. I andre tilfelle skal overskotet førast i post 2.7.8. Dersom det står minusteikn framfor beløpet på deltakaroppgåva, skal beløpet overførast til post 3.2.19 i sjølvmeldinga. Deltakaren skal skrive minusteikn framfor underskotet i post 3.2 19 dersom han/ho leverer «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande» på papir. Dersom oversikta over fordeling av formue og inntekt mellom ektefellar er fylt ut i deltakaroppgåva, skal beløpet for deltakar og ektefelle hentast frå oversikta. Beløpa i kolonne II og V i oversikta skal summerast og førast i post 2.1.3, 2.7.7. eller 2.7.8. Ektefellen må sjølv føre beløpet i sjølvmeldinga si.
2.7.10 eller 2.7.11 Tillegg i alminneleg inntekt
Om utrekning av tillegg i alminneleg inntekt av utdeling frå DLS til deltakar, sjå rettleiinga til deltakaroppgåvene for deltakarlikna selskap, RF-1222 post 201-216. Dersom oversikta over fordeling av formue og inntekt mellom ektefellar er fylt ut i deltakaroppgåva, skal beløpet for deltakar og ektefelle hentast frå kolonne III i oversikta og førast i sjølvmeldinga.
3.1.12 eller 3.3.7 Gevinst/tap ved sal o.a. av part i deltakarlikna selskap
Beløpet står i post 145 i RF-1221. Beløpet kan òg stå i post 145 i ektefellen sin RF-1221. Gevinst skal førast i post 3.1.12 i sjølvmeldinga, medan tap skal førast i post 3.3.7.
4.5.4 eller 4.8.1 Del formue/gjeld i deltakarlikna selskap
Du finn beløpet i post 101 i RF-1221. Del av positiv nettoformue skal førast i post 4.5.4 i sjølvmeldinga, medan del av negativ nettoformue skal førast i post 4.8.1. Sett minusteikn framfor negativ nettoformue i post 4.8.1 dersom du leverer «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande» på papir. Dersom oversikta over fordeling av formue og inntekt mellom ektefellar er fylt ut i deltakaroppgåva, skal beløpet for deltakar og ektefelle hentast frå kolonne I i oversikta og førast i sjølvmeldinga.
Til toppen
Nedanfor følgjer ei oversikt over skjema som er aktuelle for personleg næringsdrivande. Du finn alle skjemaene på skatteetaten.no, og om du leverer på altinn.no, finn du dei der.
Næringsoppgåve
Næringsdrivande har plikt til å sende inn næringsoppgåve som vedlegg til sjølvmeldinga. Dei som berre er bokføringspliktige skal levere «Næringsoppgåve 1» (RF-1175), sjå rettleiing RF-1176. Rekneskapspliktige næringsdrivande skal levere «Næringsoppgåve 2» (RF-1167), sjå rettleiing RF-1168.
Andre næringsdrivande som frivillig utarbeider årsrekneskap, kan levere RF-1167 i staden for RF-1175. Biletkunstnarar som ikkje driv anna verksemd, og ikkje har rekneskapsplikt, kan bruke RF-1242, sjå rettleiing RF-1247.
Dersom du har driftsinntekter på kr 50 000 eller lågare, kan du på visse vilkår bli friteken frå å levere næringsoppgåve, sjå del 2. Du treng heller ikkje å levere næringsoppgåve dersom du berre har næringsinntekt frå:
- deltakarlikna selskap (ANS, KS o.l.)
- felles bedrift fordelt frå ektefelle
- lott frå fiske og fangst
- barnepass i eigen heim
Deltakaroppgåve
Deltakarar i deltakarlikna selskap (ANS, DA, KS o.l.) mottek deltakaroppgåve (RF-1221) frå selskapet. Dersom du leverer sjølvmeldinga elektronisk, må du sjølv opprette deltakaroppgåva som vedleggsskjema til sjølvmeldinga og registrere opplysningane frå deltakaroppgåva. Leverer du sjølvmeldinga på papir, skriv du under deltakaroppgåva og sender den inn som vedlegg til sjølvmeldinga. Sjå til at deltakaroppgåva er korrekt utfylt.
RF-1013 «Kostprisoppgåve til bruk ved overtaking av landbrukseigedom»
Tilhøyrande rettleiing RF-1014.
RF-1016 «Opplysningar for utrekning/endring av formuesverdi på skogseigedomar»
Sjå rettleiinga (RF-1017) om kva for skogeigarar som skal levere RF-1016 for 2009.
RF-1022 «Kontrolloppstilling over registrerte og innmelde beløp»
Dersom føretaket ditt har betalt ut lønn eller andre ytingar, skal du levere lønns- og trekkoppgåver. Du pliktar då å sende inn kontrolloppstilling (RF-1022) saman med sjølvmeldinga.
RF-1034 «Skjema for fordeling av stadbunden inntekt og formue mellom kommunar»
I dette skjemaet gjev du framlegg til fordeling av formue og inntekt mellom kommunane.
RF-1052 «Avstemming av eigenkapital o.l.»
Leverer du RF-1167, skal du òg levere RF-1052.
RF-1053 «Frådrag i skatt for kostnader til forskings- og utviklingsprosjekt (FoU)»
Krev du frådrag i skatt for kostnader til godkjente forskings- og utviklingsprosjekt, må du å levere RF-1053. Dette skjemaet skal underskrivast av revisor. Du finn rettleiinga på skjemaet.
RF-1084 «Avskrivingsskjema»
Skjemaet spesifiserer nærmare avskrivingane i næringsoppgåva. Står det att positiv eller negativ saldo i saldogruppe a, c eller d i åra etter at verksemda er avslutta, overfører du inntekta eller frådraget direkte frå RF-1084 til sjølvmeldinga. Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1270.
RF-1098 «Formuesverdsetjing av utleigd næringseigedom 2009»
Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1099.
RF-1109 «Uttak av eigedelar o.l. frå norsk skattleggingsområde»
Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1110.
RF-1122 «Tilleggsskjema for overnattings- og serveringsstader som serverer øl, vin og brennevin»
RF-1125 «Opplysningar om bruk av bil»
Du skal levere skjemaet dersom du krev frådrag for eigne eller leasa bilar. Rettleiinga står på baksida av skjemaet.
RF-1141 «Gevinst og tap på aksjar og partar o.l. ved utflytting - 2009»
Skjema finst ikkje elektronisk på altinn.no, men du kan skrive det ut frå skatteetaten.no, eller få det hjå skattekontoret. Tilhøyrande rettleiing RF-1280.
RF-1147 «Frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet (kreditfrådrag) for lønnsmottakarar, pensjonistar og personlege næringsdrivande»
Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1148.
RF-1149 «Tilleggsskjema til RF-1145 og RF-1147 om kreditfrådrag»
Rettleiing finn du på side 2 i skjemaet.
RF-1150 «Nedsetjing av inntektsskatt på lønn»
I nokre tilfelle kan dette skjemaet vere aktuelt dersom du har motteke lønn eller pensjon frå kjelder i utlandet. Du finn ei nærmare forklaring av dette på side 2 i skjemaet.
RF-1177 «Tilleggsskjema for næringsdrivande innan jordbruk/gartneri, skogbruk, reindrift, pelsdyrnæring og for skiferproduksjon i Nord-Troms og Finnmark»
Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1178.
RF-1213 «Oppgåve for utrekning av næringsinntekt for lottfiskarar og særskilt frådrag innan fiske og fangst»
Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1214.
RF-1217 «Spesifikasjon av skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar»
Skjemaet er berre aktuelt for dei som leverer RF-1167. Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1218.
RF-1219 «Gevinst- og tapskonto»
Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1210.
RF-1221 «Deltakar si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.l.) 2009»
Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1222.
RF-1223 «Tilleggsskjema for drosje- og lastebilnæringa»
Dersom du har bevilling for persontransport utanfor rute eller driv lastebilnæring, skal du levere RF-1223.
RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt»
Dersom du leverer næringsoppgåve, skal du òg levere RF-1224. Sjå tilhøyrande rettleiing RF-1225.
RF-1269 «Tilleggsskjema for føretak som brukar IFRS eller forenkla IFRS»
Til toppen
Du finn meir utfyllande informasjon om sjølvmeldinga og postane i «Rettleiing til postane».
Annan viktig informasjon:
«Informasjon til deg som har inntekt eller formue i utlandet» på skatteetaten.no/utland.
Til toppen
Til toppen
Til toppen
Det som står i den sjølvmeldinga du leverer, er grunnlaget for kva du skal betale i skatt. Du er sjølv ansvarleg for at desse opplysningane er rette. Ta deg difor tid til å kontrollere at opplysningane er rette og fullstendige.
Endrar du opplysningar som er baserte på årsoppgåver frå arbeidsgjevar, bankar, NAV, barnehage o.a., må du be den du har fått oppgåva frå, om å sende ny og korrekt oppgåve både til deg og til Skatteetaten.
Dersom det ikkje er eigen post for beløp som skal førast i sjølvmeldinga, gjev du opp beløpa i feltet «Beløp som ikkje er førehandsutfylt, skal førast her». Før på nummeret på posten. Oversikt over postane finn du i den alfabetiske innhaldslista eller i postomtalen i «Rettleiing til postane». Finn du ikkje nummeret på posten, kan du late vere å skrive det. Skriv kva beløpet gjeld. Nye eller endra frådrags- og gjeldsbeløp fører du opp med minusteikn, inntekts- og formuesbeløp utan forteikn. Beløpa skal gjevast opp i heile kroner. Dersom du rettar førehandsutfylte beløp, skal inntekts- og frådragsbeløp førast i den første rettekolonnen, og formues- og gjeldsbeløp i den andre. Sett strek over dei førehandsutfylte beløpa som du rettar opp. Næringsdrivande vil få tilsendt førehandsutfylt sjølvmelding med opplysningar som Skatteetaten har motteke frå arbeidsgjevarar, bankar, forsikringsselskap, motorvognregisteret, barnehagar o.a. I tillegg vil næringsdrivande motta ei eiga side med næringspostar der dei mest brukte postane for næringsdrivande er lista opp.
Postar som den næringsdrivande ikkje finn der, må førast i feltet «Beløp som ikkje er fylt ut på førehand, skal førast her», eller på eige vedleggsark.
Kari driv butikk som enkeltpersonføretak i leigde lokaler. Ho tok over butikkdrifta etter mor si 1. januar 2009. I tillegg eig ho eit mindre jordbruk der det blir dyrka korn. Sidan Kari driv både butikk og jordbruk, må ho levere felles «Næringsoppgåve 1» (RF-1175). Sidan ho driv jordbruk, må ho òg levere det særskilte tilleggsskjemaet for primærnæringar (RF-1177). Ho må levere to eksemplar av skjemaet for utrekning av personinntekt (RF-1224), ettersom ho i utgangspunktet skal levere eitt skjema for kvar næring.
Kari eig ei tomt som har blitt næringseigedom i løpet av 2009. Ettersom denne tomta nå skal reknas som næringstomt, må Kari oppjustere denne posten med 60 prosent etter reglane for ikkje-utleigd næringseigedom. Ho må da stryke ut den førehandsutfylte verdien i sjølvmeldinga (10), og føre den nye verdien i post 4.3.5 «Ikkje-utleigd norsk næringseigedom» (10)

Avstanden mellom Kari sin butikk og bustaden hennar er 25 km. Ho fyller difor ut «Spesifikasjon av reisefrådrag» der ho reknar ut frådraget. Nettobeløpet fører ho i postane 3.2.8/3.2.9. (8)
Ein bil som blei kjøpt i 2004 er teken inn som driftsmiddel i næringa i 2009. Ho må da stryke det førehandsutfylte beløpet i post 4.2.5 (7) og føre bilen sin formuesverdi i post 4.4.1 (6).
Då Kari tok over butikkdrifta, lånte ho kr 150 000 (9) av mor si, Petra Nordmann. For dette har ho betalt kr 8 000 (9) i renter. Sidan desse beløpa ikkje er førehandsutfylte, fører ho dei i feltet: «Beløp som ikkje er fylt ut på førehand». Sidan det er gjeldsrenter og gjeldsfrådrag, fører ho beløpa med minusteikn framfor og skriv postnummera 3.3.1 og 4.8.1.

Næringsinntekta frå butikkdrifta (kr 250 000) (1) og frå jordbruket (kr 60 000) (2) fører hun i høvesvis post 2.7.6 og 2.7.1. Personinntekta reknar ho ut individuelt for kvar næring. Kari fyller difor ut to eksemplar av skjemaet RF-1224. Positiv utrekna personinntekt frå butikkdrift (kr 210 000) (3) fører ho i post 1.6.2 og positiv utrekna personinntekt frå jordbruk (kr 45 000) (4) fører ho i post 1.6.1.
Sidan Kari driv jordbruk, skal ho òg fylle ut eit tilleggsskjema, RF-1177, som vedlegg til næringsoppgåva. På skjemaet reknar ho òg ut jordbruksfrådraget (kr 56 056) (5). Dette beløpet fører ho i post 3.2.15.
Kari fører nedskriven verdi på bilen (kr 100 000) (6) i post 4.4.1.

Til toppen
Pålogging
Sjølvmeldinga vil vere tilgjengeleg på Altinn frå tidligast 23. mars 2010. Gå til altinn.no og vel «Logg inn». Bruk eit av påloggingsalternativa som visast. Treng du nye PIN-kodar, klikk her.
(1) Sjølvmeldinga er tilgjengeleg på Mi Hovudside>Mi arbeidsliste etter innlogging. Klikk på «RF-1030 Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a. for Næringsoppgåve 1» (RF-1175) for å opne den.

(2) Første gongen du loggar deg på sjølvmeldinga for næringsdrivande på Internett får du spørsmål om du skal
levere sjølvmelding med eller utan næringsoppgåve.
Du kan levere sjølvmelding utan næringsoppgåve dersom:
- du berre er deltakar i ansvarleg selskap
- du har del av inntekt/personinntekt frå felles næringsverksemd
- du har driftsinntekter som ikkje overstig kr 50 000
Før du kan halde fram må du ta stilling til om du kan levere sjølvmeldinga for næringsdrivande utan næringsoppgåve.
Dersom du ikkje har drive næringsverksemd i 2009, skal du levere sjølvmelding for næringsdrivande utan å fylle ut næringsoppgåva.

(3) Driv du eit enkeltpersonføretak som er friteken frå å levere næringsoppgåve, og vil nytta deg av dette alternativet, vel du «Til vegvisar for driftsinntekter og driftskostnader»

(4) Her vel du om du skal ha med vedlegg.
(5) Du fyller inn dei nødvendige opplysningane som visast.
Om du har valt feil, kan du hente fram «Næringsoppgåve 1» (RF-1175) ved å gå til arkfanen «Vedlegg» og velje «Eg ønskjer å legge til RF-1175 Næringsoppgåve 1».

Korleis få hjelp i den elektroniske leveringstenesta:
(A) Bruk «Gå direkte til post» når du veit nummeret på posten og vil gå direkte dit.
(B) Du kan gå til «Søk i rettleiinga» for å finne fleire opplysningar om ein post eller eit tema.
(C) Les «Rettleiing til postane».
(D) Lær meir om korleis du brukar nettløysinga. Her finn du òg tilvising til brukarstøtte.
(E) Til alle postane i sjølvmeldinga er det knytt hjelpetekstar. Klikk på ?-knappen for å sjå hjelpeteksten.
Kontroll og endring av førehandsutfylt sjølvmelding
Vi ber deg om å gå nøye gjennom dei førehandsutfylte opplysningane og eventuelt endra dei og/eller leggje til nye opplysningar om dine personlege tilhøve.
Steg for steg
(1) Alle postane i sjølvmeldinga er sorterte i hovudpostar.
(2) Slik ser det ut når du har endra ein post. Opphavleg beløp er stroke over, og nytt beløp ligg i kolonnen «Retta til».
(3) For å endre ein hovudpost, klikk på «Endre» eller namnet på hovudposten.
(4) Her er postane dine med førehandsutfylte verdiar som høyrer til denne hovudposten.
(5) For å endre beløp eller slette ein post brukar du desse lenkjene.
(6) Bruk nedtrekkslista for å leggje til nye postar.

Korleis velje annan type næringsoppgåve
a. Klikk på «Skjema og tenester» og «Skjemakatalog»
b. Skriv inn RF-1030 i søkjefeltet og klikk «Søk»
c. Klikk på «Sjølvmelding for næringsdrivande 2009 o.a.»
d. Klikk på «Sjølvmelding for næringsdrivande 2009 o.a.» under overskrifta «Her finn du skjemaet»
e. Klikk på nytt skjema
f. I biletet som kjem opp vel du om du vil levere
- RF-1167 Næringsoppgåve 2
- RF-1242 Næringsoppgåve for biletkunstnarar
g. Klikk «Fortsett
Slik fyller du ut opplysningar om næringstilhøve
For å leggje inn dine næringstilhøve skal du fylle ut og levere næringsoppgåva og andre vedleggsskjema. Når desse er fylt ut, blir næringstilhøva automatisk overført til sjølvmeldinga.
(1) Klikk på arkfanen «Næringsoppgåve 1 (RF-1175)» for å starte å fylle ut næringsopplysningane dine. Næringsoppgåva er delt inn i arbeidssteg med tilhøyrande hovudposter. Start med å spesifisere resultat, deretter balanse og til sist avsluttande utrekningar.
(2) For å endre ein hovudpost, klikk på «Endre» eller namnet på hovudposten.
(3) Sida for hovudpost inneheld alle postane i denne gruppa. Dei mest brukte postane er henta fram på førehand. Andre postar finn du i nedtrekkslista. Når du vel posten i nedtrekkslista, fyller du ut beløp og legg det til postlista.
(4) Dersom ein post krev nærmare spesifisering, vil sida for utrekningsgrunnlaget opne seg eller du blir bedd om opne eit vedleggsskjema. Fyll ut utrekningsgrunnlaget eller vedleggsskjemaet og klikk på «Lagre/Gå tilbake».
Dersom du har fylt ut eit vedleggsskjema, vil ei eiga side for verdioverføring kome opp. Den inneheld informasjon om kva verdiar som blir overførde til kva postar i næringsoppgåva.
(5) Når du er ferdig med å fylle ut postane i hovudposten, klikkar du på «Lagre/Tilbake til oversikta» for å starte utfyllinga av neste hovudpost. Hovudposten i oversiktssida vil vise oppdaterte tal.
(6) Her blir næringsinntekta fordelt og personinntekta rekna ut. Du må òg spesifisere årsresultatet og stemme av eigenkapitalen. Når dette er gjort, endrar statusikona seg frå "!" til "V".
(7) Når du er ferdig med å fylle ut næringsforholda dine, kan du klikke på denne lenkja for å få opp ei oversiktsside som viser alle postane som blir overførde automatisk frå næringsoppgåva til sjølvmeldinga på grunnlag av det du har fylt ut.
(8) Arkfanen «Vedlegg» viser ei oversikt over dei vedleggsskjemaene du har lagt til sjølvmeldinga og næringsoppgåva. Her kan òg du leggje til nye, endre eller slette vedlegg. I tillegg kan du leggje ved filvedlegg som Word, Excel, PDF osv.
(9) Klikk på «Start innsending» når du er ferdig med å fylle ut sjølvmeldinga, næringsoppgåva og tilhøyrande vedleggsskjema.
Legg inn tekst (hvis siste avsnitt er med i bokmålsversjonen, må det med her også)
Sjølvmelding med vedleggskjema blir kontrollert, og eventuelle feil visast på ei eiga feilside med forklaringar og lenkjer til posten/skjemaet der feiler har oppstått. Rett opp feila slik at sjølvmeldinga og vedlegga er feilfrie.
Klikk deretter på «Start innsending» og «Signer» og send inn. Du får opp ei kvitteringsside viser nøkkeltal frå den innsende sjølvmeldinga.
Sjølvmeldinga med tilhøyrande vedlegg blir lagra under Mi hovudside>Arkiv.

Til toppen