Til skjemaoversikten

Sjølvmelding for førehandslikning

Skjema Gjelder for inntektsåret

Dersom du gjer krav på førehandslikning for dødsbu eller konkursbu som blir likna som personleg skattytar, skal du levere denne sjølvmeldinga.

Før eit dødbu eller eit konkursbu kan avsluttast, må skifteforvaltar, sjølvskiftande arvingar eller testamentsfullbyrdar levere sjølvmelding og krevje førehandslikning av buet.

Dersom du ikkje krev førehandlikning av buet, skal du ikkje bruke skjema RF-1040, men sjølvmeldinga for lønnstakarar og pensjonistar/sjølvmelding for næringsdrivande som vert sendt til skattytaren for det aktuelle inntektsåret.

Utanlandske arbeidstakarar med avgrensa skatteplikt i Noreg berre for løn, kan krevje førehandlikning i samband med utreise frå Noreg ved å levere skjema RF – 1038 Sjølvmelding for førehandslikning av utanlandsk arbeidstakar.