Bestille skattekort

Skjema Gjelder for inntektsåret 2017

  • Skriv ut

Arbeidsgivar hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten etter at du har bestilt det. Det vil seie at du ikkje får det heim i posten. Viss du tener 55 000 kroner eller mindre i løpet av 2017, treng du ikkje betale skatt og må i staden bestille frikort.

Informasjon om skattekortet ditt

Etter at du har bestilt skattekortet, får du informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding), vanlegvis innan 5 yrkedagar. Er du registrert e-brukar, får du informasjonen i meldingsboksen din i Altinn. Dersom du ikkje er e-brukar, sender vi informasjonen til den folkeregistrerte adressa di.

Før du bestiller skattekort bør du finne fram dokumentasjon på:

  • Lønn: Lønnsslippen får du anten på papir eller elektronisk frå arbeidsgivaren din. Er det første gong du bestiller skattekort, må du gi opp kor mykje du trur at du kjem til å tene i løpet av året.
  • Pensjon: Er du pensjonist, treng du dokumentasjon frå NAV eller frå den som betalar ut pensjonen din.
  • Gjeld/formue: Dokument frå banken som viser gjelda di, gjeldsrenter og eventuelt formue.
  • Du kan sjekka kva arbeidsgivarare har rapportert om arbeidsforhold og lønsopplysningar hittil i år

Utanlandsk arbeidstakar?

Utanlandske arbeidstakarar må møte opp på skattekontoret for å søkje om skattekort. Det finst enkelte unntak.

Får du ikkje logga inn for å bestille skattekort elektronisk?

Du kan laste ned og fylle ut skjemaet under her.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg om du har spørsmål om frikort eller skattekort.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.