Endre namn

Skjema

  • Skriv ut

Du kan endre både fornamnet, mellomnamnet og etternamnet ditt. Merk at mellomnamn ikkje er eit fornamn. Namn som kan nyttast som etternamn, kan òg takast som mellomnamn.

Du kan endre ditt eige namn og namn til barn du har foreldreansvar for, dersom dei er under 16 år.

Handsamingstid

Det tek om lag 3 veker å handsame ein søknad om namneendring. Du kan sjølv enkelt sjekka i Altinn om det nye namnet ditt er registrert. Ditt folkeregistrerte namn vil alltid visast under "Kontaktinformasjonen din".

Når vi har godkjent søknaden din, får du eit brev om dette til den folkeregisterte adressa di. Dersom søknaden blir avslått, får du som er e-brukar melding om dette elektronisk. Andre får brev til den folkeregistrerte adressa si.

Klage

Rett klageinstans er fylkesmannen i det fylket der du er busett. Du må likevel sende klaga via skattekontoret.

Under 16 år?

Er du under 16 år, må den eller dei som har foreldreansvaret for deg samtykkje i namneendringa. Dersom namneendringa gjeld eit barn over 12 år, må òg barnet sjølv samtykkje.

Papirskjema

Fyll ut skjemaet Melding om endring av namn og send det til det lokale skattekontoret ditt.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg om du har spørsmål om folkeregisteret.

Start chat med oss

Hjelp til innlogging?

Kopi av bekreftelse på navneendring

Vi sender deg en bekreftelse på navneendringen automatisk etter at du har endret navn. Trenger du en kopi, kan du bestille selv her.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.