Endre skattekort/forskotsskatt

Skjema Gjelder for inntektsåret 2017

  • Skriv ut

Når du har endra skattekortet ditt, får arbeidsgivaren automatisk tilgang til det nye skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten. Dermed treng du ikkje levere noko til arbeidsgivar.

Informasjon om skattekortet ditt

Etter at du har bestilt skattekortet, får du informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding), vanlegvis innan 5 yrkedagar. Er du registrert e-brukar, får du informasjonen i meldingsboksen din i Altinn. Dersom du ikkje er e-brukar, sender vi informasjonen til den folkeregistrerte adressa di.

Du kan sjå kva du har tent hittil i år i tenesta for å endra skattekort. Desse postane er forhåndsutfylt av Skatteetaten, og opplysningane er henta frå arbeidsgivernes innrapporterte opplysningar (a-meldinga).

Kontroller at alle opplysningane stemmer. Dette kan du gjera ved å sjå på lønsslipp, dokumentasjon frå NAV eller han som betalar ut pensjonen din og dokumentasjon frå banken viss du har gjeld, gjeldsrenter og eventuelt formue.

Du kan sjekka kva arbeidsgivarare/pensjonsutbetalare har rapportert om arbeidsforhold og lønsopplysningar hittil i år.

Forskotsskatt – personleg skattytar

Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonforetak),er deltakar i ansvarleg selskap, eller har andre inntekter eller formue som ikkje er trekkpliktig, skal du betala forskotsskatt.

Utanlandsk arbeidstakar?

Utanlandske arbeidstakarar må møte opp på skattekontoret for å søkje om skattekort. Det finst enkelte unntak.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg om du har spørsmål om frikort eller skattekort.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.