Flytte til Noreg Skjema Del/tips Skriv ut Takk! Tips fleire Takk! Prøv igjen Tips ein venn Tips ein venn Mottakars e-post * Må fyllast ut * Feil i e-postadressa Din e-post * Må fyllast ut * Feil i e-postadressa Del på: LinkedIn Twitter Facebook Planlegg du å bu i Noreg i meir enn 6 månader, må du melde flytting til Noreg seinast 8 dagar etter at du har kome til landet. Last ned, skriv ut og ta med til oss Flytte til Noreg Flytte til Noreg RF-1401N (PDF) Dersom du skal vere i Noreg i mindre enn 6 månader, til dømes for å jobbe, skal du ikkje melde flytting hit. Du må likevel møte opp på skattekontoret for å få eit mellombels identifikasjonsnummer (D-nummer). Slik melder du flytting Alle som skal melde flytting til Noreg, må møte opp på eit av 42 utvalde skattekontor for ID-kontroll. Dette gjeld også for norske statsborgarar som flyttar tilbake til Noreg. Dersom du flyttar til Noreg saman med familien din, må alle familiemedlemmene møte opp. Dette må du ha med deg av dokumentasjon Kva slags dokumentasjon som er naudsynt, er avhengig av kvar du kjem frå: Nordiske borgarar (gjeld òg norske borgarar) Borgarar frå EU/EØS/EFTA Borgarar utanfor EU/EØS/EFTA Ta med flyttemelding Du kan på førehand laste ned og fylle ut skjemaet. Stadfesting Du får eit brev i posten når vi har registrert innflyttinga til Noreg. Brevet blir sendt til den nye, folkeregistrerte adressa di. Hugs å merke postkassen din med namn.