Melding om flytting innanlands

Skjema

  • Skriv ut

Har du flytta innan Noreg, må du melde frå til skattekontoret innan åtte dagar etter at du flytta.

Dersom familien flyttar samla, kan du melde flytting for ektefelle, sambuar, partnar og barn under 18 år i same.

Dette krev at de har vore registrert busett på same fråflyttingsadresse, og skal bli busett på same tilflyttingsadresse. melding.

Dersom du skal flytte ut frå det som er felles heim med barn, og/eller ektefelle, må du gjere følgjande:

  • Melde flytting i Altinn
  • Opprette Kontaktskjema i Altinn der du legg inn opplysningar om AR-nummeret som du får etter å ha sendt flyttemeldinga.
  • Du skriv inn kor ofte du trur du kjem til å besøke barn og/eller evt ektefelle i tidligare felles heim, med eller utan overnatting.
  • Du må skanne kopi av skjøte, kjøpe-, eller leigekontrakt som dokumenterer varig busetting på ny adresse. Denne må du leggje som vedlegg til Kontaktskjemaet i Altinn.
  • Sende inn Kontaktskjemaet med vedlegg.

Dersom eitt eller fleire barn flyttar med deg, må du sørge for underskrift frå den andre forelderen som barna flyttar frå. Sjå informasjon om flyttemelding for barn under 18 år. Det enklaste er om den andre forelderen sender elektronisk flyttemelding kun for barna, i tillegg til at du har dei med på din flyttemelding. Da godtar vi det som underskrift frå den andre.

Handsamingstid

Handsamingstida er vanlegvis 1 veke. Du får eit brev frå oss når vi har registrert den nye adressa di. Hugs å merke postkassen din med namn og du må sjølv melde adresseendring til Posten.

Ved å sjekka "Kontaktinformasjonen din" i Altinn, kan du sjå den folkeregistrerte adressa som for tida gjeld for deg. Har du ei postadresse som er registrert (som ikkje er den same som bustadsadressa), er det derimot den som visast.

Er du næringsdrivande?

Dersom du er næringsdrivande og næringsadressen og privatadressen er den samme, må du melde frå om den nye adressen både til Folkeregisteret og til Brønnøysundregistrene.  Du finner meir informasjon om endring av næringsadresse her.

Flyttemelding på papir

Du kan òg sende oss flyttemeldinga på papir, men då må du hugse å leggje ved kopi av gyldig legitimasjon. Gyldig legitimasjon er ID-kort som inneheld fødselsdato, namn, signatur og bilete. Du bør likevel ikkje sende oss kopi av bankkortet ditt, fordi det inneheld sensitiv informasjon.

Send skjemaet til kva for helst skattekontor.

Last ned, fyll inn og send til oss

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg om du har spørsmål om folkeregisteret.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.