Har verksemda årsrekneskapsplikt etter rekneskapslova, skal RF-1167 «Næringsoppgåve 2» leverast i staden for RF-1175 «Næringsoppgåve 1».
Personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) med brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller mindre i året, er fritekne frå å levere næringsoppgåve. Du kan lese meir om dette i «Starthjelp for næringsdrivande» del 2.
Meir informasjon om RF-1175 finn du i RF-1176 «Rettleiing til utfylling av Næringsoppgåve 1 (RF-1175)» og RF-1178 «Spesiell rettleiing til Næringsoppgåve 1 (RF-1175) og Tilleggsskjema (RF-1177)».