Forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon

Skjema

  • Skriv ut

Tenesta kan berre brukast av velgjerande eller allmennyttige institusjonar eller organisasjonar, og berre for lønnsutgifter som ikkje inngår i næringsverksemd.

Ordninga kan berre nyttast for lønsutgifter som ikkje inngår i næringsverksemd og når samla lønsutgifter for slikt arbeid ikkje kan ventast å overstige 600 000 kr i året, og berre for lønsutbetalingar opp til 60 000 kr for kvar tilsett.

Når meldingen er utfylt og innsendt og forskottstrekket er innbetalt, har institusjonen eller organisasjonen som arbeidsgivar oppfylt sine plikter i tilhøve til skattestyresmaktene.

Ved elektronisk innsending, får du ei kvittering som blant anna inneheld kontonummer og KID-nummer som skal nyttast ved innbetaling til skatteoppkrevjaren.

Du kan og lasta ned blanketten i papirform i Altinn. Ferdig utfyld blankett sendast til A-meldinga, Postboks 4329, 2308 Hamar. Eit eksemplar skal du gjeva til arbeidstakaren og eit eksemplar må du behalda sjølv.

Ved innbetaling av foretatt forskottstrekk må du oppgje KID-nummer. KID-nummer kan du laga her. Her finn du og kontonummeret til skatteoppkrevjaren i bustadskommuna di.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.