Fyll inn opplysningar om primærareal/buareal, bustadtype, byggjeår og adressa til bustadeigedomen i skjemaet. Dette gjev grunnlag for å fastsetje ny likningsverdi på bustadeigedomen din. Send skjemaet i posten til det lokale skattekontoret ditt.
Stortinget har vedteke nye reglar for fastsetjing av likningsverdiar på bustadeigedomar. Reglane gjeld ikkje for fritidsbustader, våningshus på gardsbruk og bustadeigedomar som ligg i utlandet. Les meir om likningsverdi på bustadeigedomar her.