Selskapsmelding for selskap med deltakarfastsetting

Skjema Gjeld for inntektsåret 2016

  • Skriv ut

Føretak som driv økonomisk verksemd for to eller fleire deltakarar si felles rekning og risiko, og kor minst ein av deltakarane har eit uavgrensa ansvar for dei samla pliktene i verksemda, skal levere selskapsmelding.

RF-1215 vert difor utfylt for:

  • ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS)
  • ansvarleg selskap med proratarisk (delt) ansvar (DA)
  • indre selskap
  • kommandittselskap (KS)
  • partreieri (PR), og
  • tilsvarande utanlandsk selskap som driver verksemd som er skattepliktig i Noreg.

Og sameige vert rekna som selskap og vert deltakarlikna viss sameiget driv verksemd for eigarane si felles rekning og risiko.

Meir informasjon om RF-1215 finn du i RF-1216 «Rettleiing til utfylling av selskapsoppgåve for deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.) (RF-1215)».

Som vedlegg til selskapsmeldinga plikter selskapet å sende inn:

- RF-1233 «Selskapets melding over deltakerens inntekt og formue i selskap med deltakerfastsetting» for kvar enkelt som har vert deltakar i løpet av inntektsåret og

- Næringsoppgåve, dvs. RF-1175 «Næringsoppgåve 1» eller RF-1167 «Næringsoppgåve 2)». 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.