Skattemelding for førehandsfastsetting av utanlandsk arbeidstakar

Skjema

  • Skriv ut

Er du utanlandsk arbeidstakar som

- ikkje er skattemessig busett i Noreg

- har avgrensa skatteplikt for lønn for arbeid utført i Noreg

kan du velje å levere skjema RF 1038 og bli skattlagd i samband med at arbeidsopphaldet ditt i Noreg blir avslutta.

Dersom du ikkje er elektronisk brukar kan du skaffe deg elektronisk ID her.

 

Ordninga med førehandsfastsetting gjeld berre for desse arbeidstakarane:

  • Utanlandske arbeidstakarar som har opphalde seg i Noreg maksimalt 183 dagar i løpet av ein periode på 12 månader
  • Utanlandske arbeidstakarar som har opphalde seg i Noreg maksimalt 270 dagar i løpet av ein periode på 36 månader


Skatteavtalar som Noreg har inngått med andre statar kan i visse tilfelle avgrense skatteplikta. Dersom du er i tvil om det ligg føre skatteplikt til Noreg, bør du ta kontakt med skattekontoret.

Førehandsfastsetting kan berre krevjast for lønnsinntekt. Har du annan type inntekt må du levere ordinær skattemelding i året etter inntektsåret for denne inntekta.

 

Om du ikkje leverer skattemeldinga elektronisk, kan du bruke dette skjemaet. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.