Skattemelding for førehandsfastsetting

Skjema

  • Skriv ut

Dersom du gjer krav på førehandsfastsetting for dødsbu eller konkursbu som blir fastsett som personleg skattytar, skal du levere denne skattemeldinga.

Før eit dødbu eller eit konkursbu kan avsluttast, må bobestyrar, skifteforvaltar, sjølvskiftande arvingar eller testamentsfullbyrdar levere skattemelding og krevje førehandsfastsetting av buet.

Frå og med inntektsåret 2016 gjeld nye reglar for beskatning av andelar i verdipapirfond. Dersom buet omfattar andelar i verdipapirfond, kan du lese meir her.

Gjenlevende ektefelle/samboar eller enearving som har teke over buet etter avlidne udelt skal ikkje krevje førehandslikning. Førehandslikning vert heller ikkje gjort ved skifte mellom ektefellar ved separasjon eller skilsmisse.

Dersom du ikkje krev førehandsfastsetting av buet, skal du ikkje bruke skjema RF-1040, men skattemeldinga for lønnstakarar og pensjonistar/skattemelding for næringsdrivande. Avdødes/dødsboets skattemelding for det aktuelle inntektsåret vert utlevert til arvingar eller skifteforvaltar. Sjå krav til dokumentasjon for utlevering av skattemeldinga. Skattemeldinga for konkursbo vert levert av bobestyrar..

Utanlandske arbeidstakarar med avgrensa skatteplikt i Noreg berre for løn, kan krevje førehandsfastsetting i samband med utreise frå Noreg ved å levere skjema RF – 1038 Skattemelding for førehandsfastsetting av utanlandsk arbeidstakar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.