Søknad om skattekort for utanlandske borgarar

Skjema

  • Skriv ut

Er du utanlandsk statsborgar utan norsk fødselsnummer, må du møte opp på eit ID-kontor for at vi skal kunne kontrollere ID-en din når du skal søkje om skattekort.

Last ned utskriftsversjon (bokmål) for å skrive inn informasjonen.

Det finst enkelte unntak frå kravet om oppmøte.

Dette må du ha med deg

Kva slags dokumentasjon du må ha med deg, avheng av kvar du kjem frå. Uavhengig av kvar du kjem frå, må du dokumentera at du har behov for skattekort. Til dømes kan du visa arbeidskontrakt eller skriftleg arbeidstilbod. Ved tilknyting til eit vikarbyrå e.l. må du ha ein oppdragsbekreftelse:

Skattekorta inneheld ikkje opplysningar om opphaldsløyve, og er ikkje eit bevis på at du har rett til arbeid eller opphald i Noreg. Arbeidsgivaren har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at alle tilsette har rett til å arbeide i Noreg. Utlendingsdirektoratet (UDI) svarar deg på spørsmål om dette.

Arbeidsgivar kan søkje om skattekort for deg.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.