Arbeidsgivar kan søkje om skattekort på vegne av utanlandsk arbeidstakar

Skjema

  • Skriv ut

Tips ein venn

Tips ein venn

Du som arbeidsgivar kan søkje om skattekort for den utanlandske arbeidstakaren din. Dette gjeld uavhengig av om arbeidstakaren har eit norsk fødsels- eller d-nummer frå før.

Har arbeidstakar eit skattekort, treng du ikkje å søke. Du kan hente skattekortet i ditt lønnssystem eller bestillingstenesta for skattekort.

For å kunne søkje om skattekort på vegne av ein utanlandsk arbeidstakar, må du ha rettar på vegne av verksemda. Du må ha Altinn-retten "Begrenset signeringsrett". Rolla er førehandstildelt til dagleg leiar, styreleiar mv. i verksemda. Har du ikkje denne retten, må du be vedkomande som har rolla, delegere den til deg.

Skattekort for utanlandsk arbeidstaker (RF-1355) erstattar ikkje innrapportering i oppdrags- og arbeidsforholdregisteret.

Dokument og informasjon du treng for å søkje om skattekort

Arbeidstakar utan fødsels- eller d-nummer:

  • Ein lesbar skanna kopi av pass eller annan type gyldig ID-dokument for opplasting.
  • Dokumentasjon som viser at arbeidstakaren har bruk for eit skattekort, til dømes arbeidskontrakt, skriftleg tilbod om arbeid eller stadfesting på oppdrag.
  • Du må ha postadressa til arbeidstakaren tilgjengeleg, og du bør vite kva som er e-postadressa/telefonnummeret til arbeidstakaren.    

Arbeidstakar som har eit norsk fødsels- eller d-nummer frå før: 

  • Dokumentasjon som viser at arbeidstakaren har bruk for eit skattekort, til dømes arbeidskontrakt, skriftleg tilbod om arbeid eller stadfesting på oppdrag.

ID-kontroll

Dersom arbeidstakaren har møtt opp på skattekontoret for ID-kontroll i 2015 eller 2016 treng ikkje vedkomande møte opp att for å få skattekort for 2017.

Ta kontak med skattekontoret for å få stadfesta at ID-kontroll er registrert. Er ID-kontroll registret kan arbeidsgjevar hente skattekort elektronisk via bestillingsløysinga eller via lønssystemet.

Dersom arbeidstakaren ikkje har vore til ID-kontroll dei siste to åra, må dette gjennomførast før skattekortet blir utferda.

Skattekontor som gjennomfører ID-kontrollar.

Du kan bestille time for ID-kontroll.

Når er skattekortet klart?

Når identiteten til arbeidstakaren din er kontrollert, og søknaden om skattekort er send inn, tek det vanlegvis inntil fire yrkedagar før arbeidstakaren får tilsendt informasjon om skattekort (skattetrekksmelding). Skattetrekksmeldinga blir sendt til den adressa som er registrert på arbeidstakaren.

Når skattekortet er klart, kan du som arbeidsgivar hente det via bestillingsløysinga eller via lønnssystemet ditt.

Informasjon om d-nummer får du av arbeidstakaren din. Dersom arbeidstakaren har arbeidsløyve, kan vedkomande begynne å jobbe medan han/ho ventar på skattekortet. Før skattekortet er klart må du trekkje 50 prosent skatt av lønnsinntekta.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.