Mva-meldinga for alminneleg næring 2017

Skjema

  • Skriv ut

Mva-meldinga skal leverast av alle som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret. Når ho er rett utfylt, viser ho kor mykje meirverdiavgift du skal betale til staten, eller staten skal betale til deg. Du kan ikkje sende inn mva-meldinga dersom du ikkje er registrert.

Alle som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret får skjemaet RF-0002 i meldingsboksen i Altinn om lag 40 dagar før innleveringsfristen.

Bruk tenesta «Min MVA-konto» for å sjå kor mykje mva du skuldar.

Innleveringsfristar

Dei fleste verksemder skal levere mva-meldinga annankvar månad. Små verksemder kan søkje om å få levere éin gong per år. Om du ikkje leverer opplysningar i tide, må du betale eit beløp for kvar dag til du har levert. Dersom du skal endre ei mva-melding for 2017 som du allereie har sendt inn, må du sende ei endringsmelding

Dersom du skal rapportere for 2016, skal du nytte Omsetningsoppgåva for alminneleg næring (Meirverdiavgiftsoppgåva).

Merknadsfeltet på mva-meldinga

Dersom du nyttar merknadsfeltet blir mva-meldinga di handsama manuelt.  Bruk dette feltet berre dersom du skal skrive noko som er vesentleg for vår handsaming. Dersom du er usikker på korleis du skal forstå regelverket, skjemaet eller korleis du fyller det ut, skal du ikkje skrive det her, men ta det opp med skattekontoret på førehand. Du skal heller ikkje bruke merknadsfeltet til å melde adresseendring. Du gjer dette ved å bruke skjemaet Samordna registermelding på altinn.no. Det same gjeld dersom verksemda er avslutta.  Du treng ikkje å skrive i merknadsfeltet at du ikkje har hatt omsetning, innførsel, utførsel eller innkjøp i terminen.

Innsending via økonomisystem

Du kan òg sende mva-meldinga til Altinn frå økonomisystem som har lagt til rette for dette. Verksemdene må oppdatere systema sine før dei begynner bokføringa for 2017.

Du må levere innan fristen

Om du ikkje leverer opplysningar i tide, må du betale eit beløp for kvar dag til du har levert.

Hjelp til innlogging?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.