Mine inntekter og arbeidsforhold

Skjema

  • Skriv ut

Her får du innsyn i kva for opplysningar arbeidsgivaren din har sendt til oss.

Arbeidsgivarar, pensjonsutbetalarar og andre sender kvar månad opplysningar i ei a-melding om dei tilsette sine inntekter og arbeidsforhold til NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten.

Kvar gong dei sender opplysningane, blir informasjonen her oppdatert.

Kva brukar vi opplysningane til?

  • Skatteetaten brukar opplysning om inntekt til å berekne skatten din, som grunnlag for skattemeldinga og skatteoppgjeret ditt
  • NAV brukar opplysning om inntekt og arbeidsforhold mellom anna til å berekne ytingar
  • SSB brukar opplysningane til å lage mellom anna sysselsettings- og lønnsstatistikk

Er opplysningane feil?

Dersom du oppdagar feil, må du kontakte arbeidsgivaren din eller den som har sendt opplysningane. Det er berre dei som har rapportert opplysningane som kan rette dei.

Utskrift

Ønskjer du å skrive ut rapporten med opplysningane, kan du hente han ut frå tenesta i Altinn. Her får du utskrift av opplysningane så langt i år eller per månad, og tilvising til rett post i skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.