Mva-meldinga for primærnæring 2017

Skjema Gjeld for likningsåret 2017

  • Skriv ut

Alle som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret finn skjemaet RF-0004 i Min meldingsboks i Altinn om lag 40 dagar før innleveringsfristen. Mva-meldinga finn du òg under Skjema og tenester.

Det er ikkje mogeleg å sende inn mva-meldinga for einingar som ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret.

Du kan nytte tenesta «Min MVA-konto» for å sjå kor mykje mva du skuldar.

Mva-meldinga for primærnæring skal leverast av næringsdrivande innan jordbruk, skogbruk og fiske som har ei omsetning over ein viss storleik av avgiftspliktige varer og tenester.

 

Årleg innlevering – 10. april.

 

Dersom du skal rapportere for 2016, skal du nytte Omsetningsoppgåva for primærnæringa.

Innsending via økonomisystem

Du kan òg sende mva-meldinga til Altinn frå økonomisystem som har lagt til rette for dette. Verksemdene må oppdatere systema sine før dei begynner bokføringa for 2017.

Du må levere innan fristen

Om du ikkje leverer opplysningar i tide, må du betale eit beløp for kvar dag til du har levert.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.