Skattemelding for meirverdiavgiftskompensasjon

Skjema

  • Skriv ut

Tips ein venn

Tips ein venn

Meldinga kan leverast av kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, barnehagar, kyrkjeleg fellesråd, kyrkjelydsråd, private og ideelle verksemder som utfører dei lovpålagde oppgåvene til kommunen innan helse, sosial og undervisning.

Innlevering

Det er berre mogeleg å sende inn krav om kompensasjon innanfor dei fristane som er nemnde nedanfor. Etter fristen kan ein berre gjere endringar på ei tidlegare innsending (ved korrigert melding), beløpet må vere lågare enn den tidlegare meldinga (kravet må altså vere redusert) og revisor skal ikkje attestere.

Rakk du ikkje fristen, kan du ta med kravet i ei kompensasjonsmelding for neste termin. Ein ny termin opnar om lag 40 dagar før fristen.

Innlevering annankvar månad.

Innleveringsfrist

1. termin 10. april
2. termin 10. juni
3. termin 31. august
4. termin 10. oktober
5. termin 10. desember
6. termin 10. februar

Innsending frå datasystem

Dette skjemaet kan ikkje sendast til Altinn via sluttbrukarsystem.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.