Skjema for sal av bustad, fritidsbustad eller tomt

Skjema

  • Skriv ut

Har du selt bustad, fritidsbustad eller tomt, og har endringar til utrekningane i brevet du har fått i posten, kan du fylle ut endringane i skjema RF-1318 og levere det via Altinn.

Skjemaet er ikkje eit vedleggsskjema til skattemeldinga, og ein kan ikkje fylle det ut i altinn i samband med skattemeldinga 2016. Du kan likevel bruke skjemaet for å rekne ut gevinst/tap ved å skrive ut skjemaet, fylle ut og skanne det inn og leggje det ved

Skjemaet nyttar ein til å rekne ut ein eventuell skattepliktig gevinst eller eit frådragsgivande tap. Skattepliktig gevinst eller frådragsgivande tap skal førast i skattemeldinga for det året salet har skjedd.

Dersom du ikkje endrar noko, er det våre utrekningar som ligg til grunn for førehandsutfylling i skattemeldinga. Du kan òg gjere endringar direkte i skattemeldinga.

Du skal ikkje nytte dette skjemaet dersom du har selt næringseigedom.

Dersom du ikkje har høve til å levere skjemaet elektronisk, kan du laste det ned, skrive det ut og sende det til oss i posten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.