Søknad om dagsoppgjer

Skjema

  • Skriv ut

Er du speditør kan du søkje om dagsoppgjer. Alle fortollingane i løpet av ein dag kan då betalast samla.

Kven kan søkje om dagsoppgjer?

Dagsoppgjer blir berre innvilga til speditørar. I tillegg gjeld desse krava:

  • Må vere registrert i føretaksregisteret og i meirverdiavgiftregisteret.
  • Må ha TVINN-tilgang og ha gjennomført ein testperiode
  • Må vere kredittverdig. Dersom kredittverdigheita er redusert, kan du likevel søkje om dagsoppgjer dersom du kan stille bankgaranti.

Handsaming av søknad om dagsoppgjer

Du får kreditt for eit avgrensa beløp ut ifrå det kredittbehovet som verksemda har opplyst i søknaden om dagsoppgjer. Når vi handsamar søknaden, legg vi òg vekt på Skatteetaten sin generelle tillit til verksemda. Det vil seie betalingsvilje, betalingsevne, etterleving av relevant regelverk og høve til inndriving.

Vi held heile tida oppsyn med kredittverdigheita. Dersom kredittverdigheita blir forverra, kan vi stille krav om auka sikkerheit eller du kan miste løyvet.

Erstattar RD-0046

Frå 1. januar 2016 må du sende søknad om dagsoppgjer elektronisk via Altinn.

Søknadsskjemaet erstattar Toll- og avgiftsdirektoratet sitt skjema RD-0046 Søknad om dagsoppgjer.

Hjelp til innlogging?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.