Søknad om køyreløyve ved mellombels opphald i Noreg

Skjema

  • Skriv ut

Oppheld du deg mellombels i Noreg, kan du bruke utanlandsregistrert køyretøy i inntil to år. Du må søkje om mellombels køyreløyve for det andre året.

Du må dokumentere at opphaldet ikkje blir meir enn to år frå tidspunktet for innreise. Søknadsskjema må sendast inn innan eitt år rekna frå innreisetidspunktet ditt.

I søknaden kan det vere relevant å leggje ved denne typen dokumentasjon:


• arbeidskontrakt
• dokumentasjon på tildelt studieplass
• dokumentasjon frå ektefelle/familiemedlem på kor lenge opphaldet skal vare
• papir som viser at du skal returnere til arbeid i utlandet
• dokumentasjon på at du leiger ut eigen bustad i utlandet


Dokumenta må vere tidsavgrensa til eitt eller to år rekna frå innreisetidspunktet ditt. Har du inngått ein arbeidskontrakt må denne vere tidsavgrensa. Har du ein avtale om prøvetid, blir ikkje prøvetida rekna som dokumentasjon for eit mellombels opphald. I prøvetidsperioden har du derfor ikkje høve til å bruke ein utanlandsregistrert bil.


Frå 1. januar 2016 må du sende søknad om mellombels køyreløyve ved mellombels opphald i Noreg elektronisk via Altinn.
Søknadsskjemaet erstattar Toll- og avgiftsdirektoratet sitt skjema RD-0036 Søknad om mellombels køyreløyve for motorvogn.

Hjelp til innlogging?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.