Søknad om mellombels køyreløyve for utanlandsregistrert firmabil

Skjema

  • Skriv ut

Skal du bruke utanlandsregistrert firmabil, må du søkje om køyreløyve. Du kan få løyve i periodar på inntil 12 månader, og du kan berre søkje dersom arbeidsgivaren din er etablert utanfor Noreg.

Det er du som skal søkje, ikkje arbeidsgivaren din. Skal du bytte firmabil, må du søkje om nytt køyreløyve. For å kunne bruke utanlandsregistrert firmabil må du også oppfylle desse vilkåra:

  • Arbeidsgivaren din stiller ein bestemt utanlandsregistrert bil til rådvelde for deg
  • Bilen er nødvendig for at du skal få utført arbeidsoppgåvene dine
  • Bilen skal ikkje brukast meir enn 183 dagar i løpet av ein periode på 12 månader.

I den same perioden må bilen ikkje brukast meir privat og i jobbsamanheng i Noreg enn han blir brukt i jobbsamanheng i utlandet. Dette blir målt i talet på kilometer.

Frå 1. januar 2016 må du sende søknad om mellombels køyreløyve for utanlandsregistrert firmabil elektronisk via Altinn.
Søknadsskjemaet erstattar Toll- og avgiftsdirektoratet sitt skjema RD-0048 Søknad om mellombels køyreløyve for utanlandsregistrert firmabil.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.