Søknad om tilbakebetaling av eingongsavgift ved eksport av køyretøy

Skjema

  • Skriv ut

Du kan få refundert delar av eingongsavgifta når du eksporterer eit køyretøy ut av Noreg.

Frå 1. januar 2016 må du sende søknad om tilbakebetaling av eingongsavgift ved eksport av køyretøy elektronisk via Altinn.

Søknadsskjemaet erstattar Tolldirektoratet sitt skjema RD-0060 Skjema for refusjon av eingongsavgift for utført køyretøy.

Kor mykje får eg att?

Når bilen blir registrert første gong i Noreg, skal ein betale ei eingongsavgift. Dersom du eksporterer bilen til utlandet, kan du få refundert delar av eingongsavgifta. Dette beløpet svarar til eingongsavgifta på tidspunktet når kjøretøyet blir eksportert til utlandet.

Refusjonen av eingongsavgifta blir redusert prosentvis etter kor gammal bilen er. Dette kallar vi bruksfrådrag. Det finst to metodar for å rekne ut bruksfrådraget og du vel sjølv kva for ein du vil bruke.

Ønskjer du å søkje om alternativ utrekning, må du gjere dette samtidig som du søkjer om refusjon. Vel du alternativ utrekning, er dette bindande og kan ikkje gjerast om.

Det er personen som eig køyretøyet på tidspunktet då bilen blir teken ut av landet, som har rett på refusjon.

Rekn ut kor mykje du kan få att i kalkulatoren for refusjon av eingongsavgift.

Kven kan søkje?

For å bruke refusjonsordninga er det fleire vilkår og avgrensingar:

  • Køyretøyet må vere førstegongsregistrert i Noreg 26. juni 2014 eller seinare
  • Gjeld berre køyretøy som er nyare enn 10 år.
  • Køyretøyet må ha gyldig EU-kontroll og det må ikkje liggje føre nokon krav om avskilting på grunn av skuldig avgift eller tekniske manglar.
  • Køyretøyet må vere avregistrert i Noreg før refusjonsbeløpet kan utbetalast.
  • Det må dokumenterast at det eksporterte køyretøyet er permanent registrert i utlandet før refusjonsbeløpet blir utbetalt.
  • Refusjonsbeløpet kan ikkje overstige den avgifta som blei innbetalt for køyretøyet ved førstegongs registrering.
  • Refusjonsbeløp under ei minimumsgrense på kr 7500,- blir ikkje utbetalte.
  • All nødvendig dokumentasjon slik at søknaden kan handsamast ferdig må vere komen Skatteetaten i hende seinast eitt år etter at køyretøyet er eksportert.

Du må deklarere på førehand

Skal du eksportere eit køyretøy frå Noreg, og tek sikte på å søkje om refusjon av eingongsavgifta, må du alltid deklarere utførselen for Tollvesenet.

Dersom køyretøyet blir teke ut av landet utan at utførselen er dokumentert gjennom slik deklarering, kan ein ikkje søkje om refusjon i ettertid. Du må med andre ord sjølv deklarere utførselen overfor Skatteetaten, eventuelt få ein speditør til å deklarere utførselen for deg.

Det er mogeleg å deklarere utførselen ved å levere eit utfylt einingsdokument (blir òg kalla for SAD-blankett eller utførselsdeklarasjon) til Skatteetaten. Dersom du skal deklarere køyretøyet sjølv, må du kontakte næraste tollkontor. Dei kan gi nødvendig informasjon om korleis ein deklarerer utførselen. Les meir om deklarering ved eksport hjå Tollvesenet

Ombygd bil (endra avgiftsgruppe)

Dersom du har bygd om eit køyretøy og fått endra avgiftsgruppe, reknar ein ut refusjonsbeløpet i den avgiftsgruppa du har endra til.

For køyretøy med fritak i eingongsavgifta skal refusjonsbeløpet svare til det avgifta ville ha blitt ved førstegongs registrering av eit tilsvarande køyretøy med dei same fritaka i eingongsavgifta.

Avregistrering i Noreg

Det blir ikkje stilt krav om at køyretøyet må avregistrerast i Noreg før det blir eksportert. Årsaka er at det skal vere mogeleg å køyre bilen til framkomststaden i utlandet utan å skaffe nye skilt (kjennemerke).

Hugs likevel å avregistrere bilen så tidleg som mogeleg, slik at du unngår krav om årsavgift. For å unngå nytt krav må du avregistrera bilen før 1. januar.

Hjelp til innlogging?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.