Søknad om tollkreditt

Skjema

  • Skriv ut

Tollkreditt er ein kreditt som blir gitt til verksemder som importerer varer frå utlandet.

Tollkreditt er ei ordning som gjer det enklare å betale toll og avgifter. Du får utsett betalingsfristen fordi toll og avgifter som kjem på i éin månad, har forfallsdato den 18. i neste månad. Utan tollkreditt må du betale avgiftene på tidspunktet for fortolling.

Kven kan søkje om tollkreditt?

Tollkreditt blir berre gitt til verksemder som importerer varer i eige namn. Vi gir derfor ikkje tollkreditt til speditørar eller liknande. Du kan ikkje låne bort eller la andre nytte tollkreditten.

I tillegg gjeld desse krava for verksemda:

  • Må vere registrert i føretaksregisteret og meirverdiavgiftsregisteret.
  • Må vere kredittverdig. Dersom verksemda di har nedsett kredittverdigheit, kan du likevel søkje om tollkreditt dersom du kan stille bankgaranti.
  • Du kan berre bruke tollkreditten for deklarasjon som du leverer via TVINN.

Handsaming av søknad

Handsamingstida for søknad om tollkreditt er om lag to veker.

Du får tollkreditt for eit avgrensa beløp ut ifrå kredittbehovet som verksemda har opplyst i søknaden om tollkreditt. Når vi handsamar søknaden, legg vi vekt på Skatteetaten sin generelle tillit til verksemda. Det vil seie betalingsvilje, betalingsevne, etterleving av relevant regelverk og høve til inndriving. Vi held heile tida oppsyn med kredittverdigheita. Dersom kredittverdigheita blir forverra, kan vi stille krav om auka sikkerheit eller du kan miste løyvet.

Utanlandske verksemder

Utanlandske verksemder kan òg søkje om tollkreditt. Verksemda må vere registrert i eit føretaksregister eller tilsvarande i det landet der verksemda er etablert. Dersom verksemda di er registrert i meirverdiavgiftsregisteret med ein representant, kan du søkje om dispensasjon frå kravet om registrering i føretaksregisteret.

Har du ei utanlandsk verksemd og ønskjer tollkreditt for ein norsk filial (NUF), er det den utanlandske verksemda som blir kredittvurdert, i tillegg til NUF. Verksemda kan bli bedt om å sende inn ulike former for dokumentasjon, til dømes rekneskap, skatteattest eller liknande. Dette gjeld både når du søkjer og undervegs i kundeforholdet.

Har du ei verksemd som er etablert i eit EU/EØS-land som Noreg ikkje har avtale om innkrevjingsbistand med, vil krav om sikkerheit bli sett som vilkår for kreditt. Det same gjeld for verksemder som er etablerte utanfor EU/EØS sjølv om det er inngått avtale om innkrevjingsbistand med landet.

Erstatter RD-0033

Frå 1. januar 2016 må du sende søknad om tollkreditt elektronisk via Altinn.
Søknadsskjemaet erstattar Toll- og avgiftsdirektoratet sitt skjema RD-0033 Søknad om tollkreditt.

Hjelp til innlogging?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.