Alminneleg inntekt

Sats

  • Skriv ut

Alminneleg inntekt er ei nettoinntekt som skal reknast ut av alle skattepliktige, både personar og selskap. Alle typar skattepliktige inntekter, med frådrag for alle kostnader som gir frådragsrett, kjem inn under dette.

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Personar 24,0 prosent
Personar i Finnmark og Nord-Troms 20,5 prosent
Etterskotspliktige (bedrifter) 24,0 prosent

Særskilde skattereglar gjeld for skattytarar som er busette i Nord-Troms og Finnmark.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.