Arbeidsgivaravgift

Sats

  • Skriv ut

Arbeidsgivaravgift er ei avgift som arbeidsgivarar må betale for dei tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda.

Avgifta er regionalt differensiert. Dei enkelte kommunane er plassert i ulike soner med tilhøyrande differensierte avgiftssatsar.

Satsen gjeld for inntektsåret 2016

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Avgifta skal betalast av lønn og anna avgiftspliktig godtgjersle for arbeid og oppdrag i og utanfor tenesteforhold.

Avgiftssatsane blir fastsette av Stortinget kvart år:

SoneOrdinære næringarLandbruk og fiske
I 14.1 % 14,1 %
Ia* 14.1 % 10,6 %
II 10.6 % 10,6 %
III 6.4 % 6,4 %
IV 5.1 % 5,1 %
IVa 7.9 % 5,1 %
V 0 0

Eit nytt EØS-regelverk for regional statsstøtte trer i kraft 1. juli 2014. I samband med dette kan systemet med regionalt differensiert arbeidsgivaravgift bli justert, jf. forslag til stortingsvedtak om fastsetjing av avgifter m.m. til folketrygda for 2014.

* I sone 1a skal det betalast arbeidsgivaravgift med ein sats på 10,6 prosent inntil differansen mellom det føretaket faktisk betalar i arbeidsgivaravgift, og det føretaket ville ha betalt i arbeidsgivaravgift med ein sats på 14,1 prosent, er lik fribeløpet. I 2016 er fribeløpet 500 000 kroner per føretak. For godstransport på veg i sone 1a er fribeløpet 250 000 kroner. Etter EU sine nye retningsliner for regionalstøtte kan ein ikkje lenger gi differensiert arbeidsgivaravgift i delar av transportsektoren, energisektoren og finans- og forsikringssektoren. I desse sektorane er det difor innført ei tilsvarande fribeløpsordning som i sone Ia.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.