Arbeidsgivaravgift

Sats

  • Skriv ut

Tips ein venn

Tips ein venn

Arbeidsgivaravgift er ei avgift som arbeidsgivarar må betale for dei tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda.

Avgifta er regionalt differensiert. Dei enkelte kommunane er plassert i ulike soner med tilhøyrande differensierte avgiftssatsar.

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Avgifta skal betalast av lønn og anna avgiftspliktig godtgjersle for arbeid og oppdrag i og utanfor tenesteforhold.

Avgiftssatsane blir fastsette av Stortinget kvart år:

SoneOrdinære næringarLandbruk og fiske
I 14.1 % 14,1 %
Ia* 14.1 % 10,6 %
II 10.6 % 10,6 %
III 6.4 % 6,4 %
IV 5.1 % 5,1 %
IVa 7.9 % 5,1 %
V 0 0

* I sone 1a skal det betalast arbeidsgivaravgift med ein sats på 10,6 prosent inntil differansen mellom det føretaket faktisk betalar i arbeidsgivaravgift, og det føretaket ville ha betalt i arbeidsgivaravgift med ein sats på 14,1 prosent, er lik fribeløpet. I 2017 er fribeløpet 500 000 kroner per føretak. For godstransport på veg i sone 1a er fribeløpet 250 000 kroner. Etter EU sine nye retningsliner for regionalstøtte kan ein ikkje lenger gi differensiert arbeidsgivaravgift i delar av transportsektoren, energisektoren og finans- og forsikringssektoren. I desse sektorane er det difor innført ei tilsvarande fribeløpsordning som i sone Ia.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.