Avskrivingssatsar

Sats

  • Skriv ut

Satsen gjeld for inntektsåret 2018

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Avskrivingssatsar 
Saldogruppe a (kontormaskiner o.l.) 30 %
Saldogruppe b (erverva forretningsverdi)  20 %
Saldogruppe c (vogntog, lastebilar, bussar, varebilar mv.)* 24 %
Saldogruppe d (personbilar, maskiner og inventar mv.)** 20 %
Saldogruppe e (skip, riggar mv.) 14 %
Saldogruppe f (fly, helikopter) 12 %.
Saldogruppe g (anlegg for overføring og distribusjon av el. kraft og elektroteknisk utrusting i kraftføretak) 5 %
Saldogruppe h (bygg og anlegg, hotell mv.) *** 4 (6/10) %
Saldogruppe i (forretningsbygg) 2  %
Saldogruppe j (tekniske installasjonar i forretningsbygg og andre næringsbygg) 10 %

* Avskrivingssatsen aukar til 20 prosent for lastebilar, vogntog og bussar frå 2016. I 2017 er maksimal avskrivingssats 24 prosent for alle driftsmiddel i saldogruppa. 

** Startavskrivingar for driftsmiddel i saldogruppe d inneber i 2016 moglegheit for å avskrive driftsmiddel i saldogruppe d med 10 prosent ut over ordinær sats i året for anskaffing. I 2017 forsvinn startavskrivingane. 

*** Bygningar som har ein så enkel konstruksjon at ein må rekne med at brukstida ikkje overstig 20 år, kan avskrivast med 10 %. Satsen på 10 % gjeld òg for anlegg der ein må rekne med at brukstida ikkje kjem til å overstige 20 år. Husdyrbygg i landbruket kan avskrivast med ein høgare sats på 6 %.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.