Bilgodtgjersle (kilometergodtgjersle)

Sats

  • Skriv ut

Tips ein venn

Tips ein venn

Arbeidsgivar kan betale ut kilometergodtgjersle til arbeidstakar for yrkeskøyring med privatbil. Deler av denne godtgjersla skal det skattast av.

Satsen gjeld for inntektsåret 2018

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2017

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Skattefri kilometergodtgjersle ved bruk av privat bil er i 2018

3,50 kroner per kilometer - uansett kjørelengde*. 

Skattefri sats gjeld og ved bruk av el-bil og for arbeidstakar med arbeidssted Tromsø. Satsen gjeld også for reiser utanlands.

Satsane for skattefrie tillegg for passasjér, bruk av tilhenger osv og skattefrie satsar for andre transportmiddel enn bil følger særavtalen.

 

*  «Statens sats for kjøregodtgjørelse» som du finn i Statens reiseregulativ er 4,10 kroner per kilometer, opp til 10 000 km. For busette i Tromsø gjeld ein tilleggssats på 0,10 kroner per kilometer - totalt 4,20 kroner per kilometer

Differansen mellom dei to satsene tyder i praksis i 2017 at du skattar av dei siste 60 ørene du får per kilometer.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.