Bilsatsar – firmabil som fell utanfor standardreglane

Sats

  • Skriv ut

Virkeområdet for regelen om "firmabiler som fell utanfor standardreglane" er endra fra og med 2016 grunna nye reglar for yrkesbil. Sats og nytt regelverk som gjeld fra og med 2016 finn du her.

Satsen gjeld for inntektsåret 2018

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2017

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Regelverket for fordel ved privat bruk av firmabil som fell utanfor standardreglene,  gjeld kun for visse typer køyretøy, nærmare bestemt:

  • lastebilar med totalvekt på 7.500 kg eller meir og bussar med meir enn 15 passasjerplassar. 
  • bilar som det i lov eller i medhald av lov er fastsatt forbud mot å nyttast til anna privat køyring enn arbeidsreise.
  • bilar som er registrerte for ni passasjerar eller meir såfremt de nyttast i køyreordning organisert av arbeidsgivar for transport av ansatte på arbeidsreise og ikkje nyttast privat utover arbeidsreise.

Ved privat bruk av firmabil som fell utanfor standardreglane reknar ein ut fordelen for arbeidsreiser til og med 4000 km og anna privat køyring etter ein sats på kr 3,40 per km.

For arbeidsreiser som overstig 4000 km skal fordelen reknast ut etter ein sats på kr 1,50 per km.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.