Bilsatsar – firmabil

Sats

  • Skriv ut

Dersom du brukar bil som arbeidsgivar eig eller leaser, skal fordelen normalt reknast som lønnsinntekt og du skal betale skatt av fordelen.

Satsen gjeld for inntektsåret 2014

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Fordel ved privat bruk av firmabil er fastsett til 30 prosent av bilen sin listepris som ny inntil kr 280 100 og 20 prosent av overskytande listepris.

Grunnlaget ved utrekninga etter førre avsnitt er i utgangspunktet 100 prosent av bilen sin listepris som ny, men for:

  • bilar som er eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret, eller 
  • skattytarar som godtgjer at yrkeskøyringa overstig 40 000 km i inntektsåret,

tek ein ved utrekninga utgangspunkt i berre 75 prosent av bilen sin listepris som ny.

For:

  • el-bil

tek ein ved utrekninga utgangspunkt i berre 50 prosent av bilen sin listepris som ny.

Ved kombinasjon av bil eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret og skattytar som godtgjer at yrkeskøyringa overstig 40 000 km i inntektsåret, tek ein ved utrekninga utgangspunkt i 56,25 prosent av bilen sin listepris som ny.

Ved kombinasjon av bil eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret og el-bil, tek ein ved utrekninga utgangspunkt i 37,5 prosent av bilen sin listepris som ny.

Ved kombinasjon av el-bil og skattytar som godtgjer at yrkeskøyringa overstig 40 000 km i inntektsåret, tek ein ved utrekninga utgangspunkt i 50 prosent av bilen sin listepris som ny.

Ved firmabilordning i delar av inntektsåret, blir fordelsskattlegginga gjennomført i høve til talet på heile og påbegynte månader bilen har stått til din disposisjon.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.