Fagforeiningsfrådrag

Sats

  • Skriv ut

Dersom du har betalt fagforeiningskontingent, kan du trekkje frå opp til kr 3 850 kroner i skattepliktig inntekt, eller ein forholdsmessig del av beløpet dersom fagforeiningskontingenten berre er betalt for ein del av året.

Frådrag for fagforeiningskontingent skal førast i post 3.2.11, men beløpet skal vere førehandsutfylt på den elektroniske skattemeldinga (sjølvmeldinga) di dersom kontingenten blir trekt og innbetalt av arbeidsgivar. Då står han i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk som du får av arbeidsgivar i januar/februar.

Satsen gjeld for inntektsåret 2014

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Maksimalt frådrag 3 850 kroner

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.