Fiskar- og sjømannsfrådrag

Sats

  • Skriv ut

Fiskar- og sjømannsfrådrag er eit frådrag til fiskarar og sjøfolk på 30 prosent av inntekta.

Sjøfolk

Særskilt frådrag for sjøfolk er 30 prosent av inntekta opptent om bord på skip i fart. Frådraget har ei øvre grense. Sjå nedanfor.

Frådraget skal meldast til Skatteetaten av arbeidsgivar dersom krava til minimum 130 dagar til sjøs i inntektsåret er oppfylte. Frådraget må likevel krevjast i skattemeldinga (sjølvmeldinga).

Sjøfolk på utanlandske skip må òg sjølve føre opp frådraget, og dei må i tillegg kunne leggje fram dokumentasjon på talet på dagar dersom skattekontoret ber om det.

Du fører frådraget i post 3.2.13 i skattemeldinga (sjølvmeldinga).

Fiskarar

Fiskarar med fiske som hovudsysselsetjing i minst 130 dagar i året, har krav på eit eige frådrag på 30 prosent av inntekta. Frådraget har ei øvre grense. Sjå nedanfor.

Du fører beløpet i post 3.2.14 i skattemeldinga (sjølvmeldinga).

Satsen gjeld for inntektsåret 2015

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Sjømannsfrådraget

Sats 30 prosent
Øvre grense 80 000 kroner

Fiskarfrådraget

Sats 30 prosent
Øvre grense 150 000 kroner

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.