Fiske – satsar for utfylling av skjemaet Fiske (RF-1213)

Sats

  • Skriv ut

Du treng satsane for å fylle ut skjemaet Fiske (RF-1213).

Satsen gjeld for inntektsåret 2015

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Normer for å verdsetje naturalia som er tekne ut til eige bruk 
Til post 102/112: 
Verdien av utteken fisk per husstandsmedlem blir sett til kr 1 300 per år. For barn under 10 år og personar over 70 år, skal satsen reduserast til det halve. 

Frådrag for småutgifter 
Til post 104/114 og post 255:
Skattytarar som av omsyn til arbeidet må bu utanfor heimen, og som anten krev frådrag for faktiske kostnader til kost eller har heilt eller delvis fri kost eller hyretillegg, blir i tillegg gitt frådrag for "småutgifter" (kostnader til telefon, avis o.l.) med kr 100 per døgn. 

NB. Frådragsretten for ulegitimerte småutgifter opphevast med virkning frå og med inntektsåret 2016. Hvis vilkårene for øvrig er oppfylde, er det fortsatt frådragsrett for dokumenterte meirutgifter etter sktl. § 6-13.

Kostnader til sjøhyre m.m. for ikkje-bokføringspliktige fiskarar
Til post 105/115:
Dersom det ikkje ligg føre dokumentasjon, kan frådrag for meirkostnad til sjøhyre m.m. godtakast med inntil kr 2600 for heilårsfiskarar og kr 1700 for sesongfiskarar. For fiskarar som tek imot hyre eller lønn gjeld ikkje desse satsane. 

Satsar for 2016 blir kunngjort i november 2016.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.