Foreldrefrådrag (kostnader til pass og stell av barn)

Sats

  • Skriv ut

Som forelder har du krav på frådrag for dokumenterte utgifter til pass og stell av barn som du bur saman med, og som er 11 år eller yngre. Du kan òg få frådrag for utgifter til fritidsordning.

Døme på utgifter du kan få frådrag for er utgifter til dagmamma, barnehage og skulefritidsordning. Du får frådrag for utgifter til fritidsordning i idrettsforeining, sportsklubb o.l. som er av tilsvarande art som skulefritidsordning.

Slik fører ein frådraget i skattemeldinga (sjølvmeldinga)

Frådraget skal vere førehandsutfylt av Skatteetaten i post 3.2.10 i skattemeldinga (sjølvmeldinga).

Barnehagar og fritidsordningar er pliktige til å sende inn oppgåver over foreldre/føresette sine kostnader til pass og stell av barn.

Er kostnadene ikkje førehandsutfylte i skattemeldinga (sjølvmeldinga), kan du likevel krevje frådrag under post 3.2.10, men du må kunne dokumentere kostnadene dersom vi ber om det.

Kontantstøtte reduserer ikkje frådraget.

Du kan òg få frådrag for

  • ekstra reiseutgifter til transport til barnepassar (kr 1,50 per km ved bruk av bil)
  • pass av eldre barn når barnet har særleg behov for omsorg eller pleie. Du må kunne vise fram ein attest frå lege, barnevern eller liknande, dersom vi ber om det.

Satsen gjeld for inntektsåret 2015

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Øvre grense

Eitt barn 25 000 kroner
Tillegg per barn utover det første 15 000 kroner

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.