Formuesskatt

Sats

  • Skriv ut

Formuesskatten er ein skatt som blir utlikna på grunnlag av nettoformuen din. Nettoformuen avgjer kor mykje formuesskatt som skal betalast til kommune og stat.

Satsen gjeld for inntektsåret 2014

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Formuesskatt til kommunen

Skatteklasse Formue Sats
Skatteklasse 0  
0 og over 0,7 %
Skatteklasse 1 og 2 0 -1 000 000 kr 0,0 %
Skatteklasse 1 og 2 1 000 000 kr 0,7%


Innslagspunkta er for einslege skattytarar. For ektefellar, som blir likna under eitt for felles formue, er innslagspunkta det dobbelte av kva tabellen viser. 

Formuesskatt til staten

Skatteklasse     Formue Sats
Skatteklasse 0, 1 og 2 0 - 1 000 000 kr 0,0 %
  1 000 000 kr og over 0,3 %

Innslagspunkta er for einslege skattytarar. For ektefellar, som blir likna under eitt for felles formue, er innslagspunkta det dobbelte av det tabellen viser.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.