Forskotssats for trekkfrie matpengar

Sats

  • Skriv ut

Satsen gjeld for inntektsåret 2015

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Matpengar (mat ved overtid) kr 86

For arbeidstakarar som reiser dagleg mellom heim og arbeidsstad, men som har så langt fråvær at dei må ete eitt måltid ekstra om dagen utanfor heimen, kan arbeidsgivar trekkfritt dekkje arbeidstakar sine kostnader til mat (overtidsmat) avgrensa til Skattedirektoratet sin forskotssats.

Arbeidsgivar si dekning av desse kostnaden føreset at arbeidstakaren faktisk kjøper mat og at vedkomande har eit samanhengande fråvær frå heimen på 12 timar eller meir. Satsen gjeld ved dekning av matpengar (tariffesta / ikkje tariffesta) og ved refusjon etter bilag.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.