Forskotssatsar for trekkfri kostgodtgjersle

Sats

  • Skriv ut

På reiser med overnatting er staden der overnattinga skjer (type losji) avgjerande for kva du kan få utbetalt i trekkfri kostgodtgjersle. Trekkfri kostgodtgjersle er det som kan betalast ut utan at det skal gjennomførast forskotstrekk.

Kostgodtgjersle er ei godtgjersle som arbeidstakar kan få for å dekkje meirutgifter til mat på tenestereise.

Satsen gjeld for inntektsåret 2015

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

I tillegg til at godtgjersla må vere innanfor satsane, må særskilde legitimasjonskrav i skattebetalingsforskrifta vere oppfylte for at godtgjersla kan utbetalast trekkfritt.

Ved overnatting på pensjonat, hybel/brakke eller privat har Skattedirektoratet fastsett særskilde satsar. 

Skattedirektoratet sine forskotssatsar for trekkfri kostgodtgjersleSatsar
For arbeidstakarar som bur på pensjonat eller hybel/brakke utan kokemoglegheiter (og som ville hatt krav på frådrag for meirutgifter til kost)  kr 307
For arbeidstakarar som bur på hybel/brakke med kokemoglegheiter eller har overnatta privat (og som ville hatt krav på frådrag for meirutgifter til kost)

kr 200

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.