Frådrag for bustadsparing for ungdom (BSU)

Sats

  • Skriv ut

Dersom du har betalt inn sparebeløp på BSU-kontoen din, har du krav på frådrag i skatten med ein viss prosent av det beløpet du har betalt inn. Det er maksimalgrenser for årleg sparing og samla sparebeløp på kontoen. Sjå nedst på sida.

Du kan få frådrag for BSU til og med det året du fyller 33 år. For at du skal ha krav på frådraget, må banken din ha meldt til Skatteetaten at du faktisk har sett inn pengar før utgangen av året. Du må òg ha så høg inntekt at du betalar skatt. Har du ein låg inntekt og betalar låg skatt, kan du ikkje få meir frådrag enn høgst det du skulle ha betalt i skatt, sjølv om satsen for BSU-frådrag skulle være høgare. 

Slik fører du frådraget i skattemeldinga (sjølvmeldinga)

Dersom banken din har meldt inn frådraget til Skatteetaten, finn du det på ei eiga line under "Førebels utrekning av skattar og avgifter" på nest siste side i skattemeldinga di:  

Dersom frådraget ikkje står i skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du be banken sende melding om beløpet til Skatteetaten.

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Sats for skattefradrag 20,0 %
Maksimalt årleg sparebeløp 25 000 kr
Maksimalt samla sparebeløp i ordninga 300 000 kr

Mer om BSU

  • Skal du få fradrag, må innskuddet være innbetalt på BSU-kontoen senest 31. desember i inntektsåret.
  • Har du spørsmål om utbetaling av pengene på BSU-kontoen og hva de kan brukes til, må du ta kontakt med banken din. 

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.